Skribentarkiv: Svein Kåre

Om Svein Kåre

Det er så mangt å undrast på – og det gjer eg.

Windows Media Player 11 er ute…

…men er det ønskeleg å oppgradere?

VG skriv i dag altså at Windows Media Player 11 er ute og kan lastast ned, så sant du har gyldig Windowslisens. Det er ikkje så mange forbetringar, skriv VG – det er helst snakk om tettare integrering med MTV, noko som gir tilgang til 2 millionar melodiar, betre kompatibilitet med fleire mp3-spelarar, baklengs synkronisering og identifisering av melodiar. Sistnemnde skjer ved å analysere fila og samanlikne med eit stort arkiv, og få opplysningar om melodien på den måten.

Det høyrest då ikkje så gale ut? Og, det er ingenting i det VG skriv som tilseier at ein ikkje skulle oppgradere, men eg kjem til å tenkja på ein annan artikkel eg leste i september. The Inquirer skreiv då i artikkelen Microsoft Media Player shreds your rights om korleis DRM er implementert i programmet. Det er ikkje særleg lystig lesing.

Kjøper du musikk med DRM, så kunne du med WMP10 ta sikkerhetskopi av lisensen. Det går ikkje lengre, med WMP11, så om det skulle skje noko med musikkbiblioteket ditt så er det tapt. Om du rippar dine eigne CD-ar, pass på at du ikkje merkast av for at dei skal kopibeskyttast. Om du gjer det, så kan du få retten til å spela av musikken din ved å spela av fila – du vil bli bedt om å kopla deg opp mot ei side som forklarer korleis du kan gjenoppretta denne retten eit begrensa antal gongar.

Eg synest ikkje denne oppdateringa høyrest særleg interessant ut, eg. Sjølv om eg held meg langt unna musikk med DRM.

Melding om ankommet ufortollet sending

Project Dogwaffle PackageDet låg ein konvolutt i postkassa mi. Ein med vindauge, og med Posten som avsendar. Kva det var for noko hadde eg inga aning om — dei sendte vel ikkje adressert reklame til meg?

Neida, det var ikkje reklame. Då eg hadde kome meg inn og slengt meg ned framfor PCen og posten på skrivebordet, opna eg og såg kva det kunne vera. Og overskrifta var grei nok den: «Melding om ankommet ufortollet sending.» Eg var altså litt lengre — det låg ei pakke og venta på å bli fortolla. Ei pakke til meg. Men kva? Eg hadde ikkje bestilt noko.

I følge opplysningane i brevet, var det eit rekommandert brev frå Storbritannia, og avsendar var Fasttraksoftware. Hmmm, Fasttrak Software ja, det… Det ringte ingen bjeller. Men eg satt jo klar framfor PCen og skreiv raskt inn namnet i Google. Nokre resultat dukka opp òg, og eg såg etter på eitt av dei. Programvare for hageplanlegging/-utforming? Det høyrdest litt kjent ut — hadde vore borte i noko sånt, men det var mange år sidan. Innstallerte det aldri, sidan eg ikkje hadde hage.

Men då eg såg Project Dogwaffle stod det med eitt klart for meg. Det var nemleg premien i ein konkurranse i eitt av dei første nummera av ImagineFX, eit britisk blad. Og den konkurransen sendte eg inn svar til. Her var altså resultatet – eg hadde vunne! Situasjonen minna meg litt om ein annan konkurranse eg var med i for svært mange år sidan, i eit anna britisk blad. Ikkje fordi situasjonen var så lik — heller tvert om. Her fekk eg premien utan å bli fortalt om det, førre gong vart eg fortalt at eg vann, men fekk aldri premien. Men — pakken var jo klar til fortolling, eg måtte betala pengar?

Eg leste brevet grundigare, for å sjå kva som stod. Eg visste det er råd å ta hand om fortollinga sjølv og sleppa avgifter til posten, men korleis var no desse avgiftene, og kvar ligg den lokale tollstaden? Og måtte eg verkeleg betala toll når det var gåve? Løysinga for å få svar var grei nok — eg fekk stikka innom posten no når eg likevel skulle ut.

Ho var hyggeleg ho på posten, men noko greia på det med tollen, det hadde ho ikkje. Alt det ho gjorde i slike tilfelle var å faksa utfylt skjema over til dei som skulle ha det. Men eg kunne jo skriva på skjemaet at det var ei gåve? Eller ringa kundeservice og snakka med dei der. Uansett, skulle eg fortolla sjølv, måtte eg reisa inn til Stavanger, og då ville vinninga nesten gått opp i spinninga.

Eg bestemte meg for å ringa eg, sjølv om eg måtte venta til over helga. Der kom eg raskt til folk som kunne hjelpa. Det var gåve ja — kunne eg få avsendar til å gi melding om at det var ei gåve? Vel, det var ikkje så lett det — eg visste jo i grunnen ikkje kven eg skulle kontakta der, eller adressa for den del. Dama i andre enden ba meg halda linja, ho skulle snakka med dei i pakkeavdelinga (eller noko sånt.) Ei stund seinare kom ho tilbake: «Jo, det er ei gåve. Men eg skal ikkje røpa kva det er. Du får pakka om 2-3 dagar.» Eg takka fint.

2-3 dagar seinare fekk eg pakka. og joda, eg hadde rett, det var Project Dogwaffle. Eit grafikkprogram som simulerer naturtru penslar. Det er no innstallert — men eg har ikkje fått testa det enno. Er litt for mange andre ting eg må få unna før eg kan kosa meg med det. Men no må eg i alle fall få sett av tid til å teikna litt igjen, og få nokre resultat ut av dette. Håpar dei vert gode nok til at eg tør visa fram noko. 😉

Gode tilbod: Poser 5, gratis

Poser 5Under den daglege lesinga mi av diverse bloggar, kom eg over eit godt tilbod: I perioden 1. til 4. september får du Poser 5, gratis. Og – det er jo i grunnen ikkje så verst tilbod det, er det? Eg var i alle fall ikkje sein å be, og registrerte meg hjå Content Paradise med ein gong og lasta ned.

Det vil seie, eg prøvde å lasta ned. Eg er ikkje den einaste som synest dette er eit godt tilbod, så ting går passe tregt der — faktisk har dei litt overbelasta server for tida, men eg har no fått unnagjort bestillinga, og «your Poser 5 free download will remain available to you through the MyStuff tab indefinitely.» Så då har eg tid til å venta ei stund før eg prøver meg på nytt.

Kanskje det er andre her som veit å setja pris på eit slikt tilbod, òg?

Fri vilje kan vera ein uting

Fri vilje er ikkje alltid av eit gode. Tvert om så kan fri vilje føra til problem av større eller mindre grad, for ikkje å snakka om sjølvkjensla som kan få seg ein alvorleg knekk. Eg har visse erfaringar med dette, og dei uheldige konsekvensane denne frie viljen medførte.

Badevekta mi er ei vekt med fri vilje. Vanlegvis gjer vekter det dei skal og viser vekta av det som blir plassert oppå dei — men ikkje mi vekt. Det er ikkje slik at ho tek feil av kor tungt eit kilogram er, og viser konstant litt for mykje eller litt for lite — å nei då. Mi vekt er ei skikkeleg primadonna.

Eg stig opp på vekta mi, og ho viser — vel, litt meir enn ønska, men eg veg no noko. Om eg veg for mykje, så kan eg prøva å godsnakka litt med ho, flytta ho til ein betre plass på golvet, eller berre vri litt på ho — og er eg heldig kan eg ha gått ned 1, 2 kanskje opp i mot 3 kilo på dei sekunda dette har teke meg. Aberet er om vekta av ein eller annan grunn ikkje er nøgd med behandlinga – då kan eg i staden like gjerne ha gått opp like mange kilo.

Det kan vera knusande for sjølvkjensla om eg et sunt og godt og rett, og trimmar mykje, og finn ut at eg har gått opp i vekt. Uansett kor mykje eg dullar og steller med badevekta mi. Og om eg etter eit godt, tungt herremåltid oppdagar at eg har gått bra ned i vekt — kva er då vitsen med å slanka seg?

Nei, eg fann jo ut at noko måtte gjerast. Slike nykker kan eg ikkje leva med, eg har nok med mine eigne. Så eg drog ut på jakt etter ei eg kunne stola på, ei som ikkje ville plaga meg med ustabilt humør, og det ville ikkje skada om ho tok seg godt ut heller. Og i dag fann eg ho. Vakker å sjå til, ho har sans for detaljar og korrekt informasjon, og ser ikkje ut til å ha noko i mot å ha meg oppå seg. Ho viser det same, uansett kor på golvet ho står og uansett vinkel i forhold til veggen. Opera heiter ho.

Eg har alltid hatt gode erfaringar med Opera – og no òg som badevekt.
Ny og gammal vekt

Aliens føretrekk Firefox

I følgje fleire svært så pålitelege kjelder, så er dei ulike kornsirklane prov på at aliens finst, fordi mange av dei er for kompliserte til at menneske skulle greia Ã¥ laga dei finurlege geometriske mønstra på så kort tid som dei har oppstått. Dette igjen må då logisk sett bety at aliens føretrekk Firefox.

(Dei har nok sikkert ikkje oppdaga Opera enno, elles så er logoen for enkel for dei til å bry seg med… ????)

Digitalkamera og vatn

Digitalkamera i sjøen

Enkelte erfaringar skulle eg gjerne vore utan – til dømes slike som går på det å kombinere digitalkamera og (salt)vatn. Diverre får eg det ikkje alltid som eg vil, og nemnde kombinasjon kan eg altså no fortelja om.

Vel, kameraet mitt hamna altså i vatnet, eller sjøen for å vera meir spesifikk. I lag med meg — kameraet låg godt i lomma mi det, då eg skulle ombord i ein kano. Kva som skjedde tør eg ikkje seia noko om, og andre personen var slett ikkje sikker ho heller — men kanoen velta i alle fall, med tilhøyrande uheldige konsekvensar for finelektronikk. Det var berre sekundar om å gjera, men det var nok. Kameraet hadde fått væte i seg.

Hadde det vore reint vatn hadde det nok gått greit å berre la det tørka — i alle fall greiare enn det gjorde. Men — med saltet kunne eg ikkje ta den sjansen, for då hadde ting garantert vorte øydelagd. Uansett, eg sette kameraet under springen då eg kom inn og spylte på — det kunne jo henda det ville fungere. Trass alt, eg har jo lest om folk som har vore heldige på det viset, sjølv om eg rekna med kameraet var øydelagd.
Eg fekk meg eit eingongskamera, mens det digitale tørka nokre dagar. Utan noko betring – det fungerte ikkje. Ikkje før det, vel, brått byrja å fungere igjen. Det var ein tysdag kveld, så onsdagen var det i full bruk, og torsdagen om kvelden. Det er neppe nokon samanheng her, men torsdag kvelden tok kameraet kvelden. Igjen. Denne gong med ei feilmelding, og det vart sluttstreken for det. No var det ferdig.

Konklusjonen oppe i dette er vel enkel nok: Digitalkamera likar ikkje vatn. Det er nok smart å ha kamera i ein vasstett pose når eg er nær vatn.

Ei anna side av saka er jo at eg måtte ha meg nytt kamera. Det er ein god del betre enn det gamle, og eitt eg hadde hatt lyst på ei stund, så… Hadde vel eigentleg ikkje råd til det, men det kan kanskje vera noko positivt i det likevel. 😉

Har det på hjernen

Enkelte melodiar har du på hjernen heile dagen – og har store problem med å bli kvitt. Ein liten melodi av ein finsk kvartett, Loituma, ser ut til å vera bra populær rundtom på nettet i ulike versjonar – her ein anime versjon av «Levas Polka». Kor lenge kan du høyra på før du nynnar med sjølv?

Fotofikling

Eg likar å tutla med grafikk eg, både teikna/mala på frihand, og halda på med litt fotofikling. Ikkje det at eg får gjort så overvettes mykje av den slags no for tida, men eg sluker likevel det eg kjem over av tips på det feltet. Det er helst Photoshop eg finn tips for då – kanskje naturleg nok, sidan det er eit populært program. Og – det passar i grunnen meg bra, det.

Eg har ein del blad, og videoar som følgjer med på CD/DVDane som følgjer med, men for ei tid tilbake så vart eg gjort merksam på PhotoshopTV, ein videopodcast om Photoshop og tips til bruk av programmet. Spennande saker, og det balla i grunnen på seg. Etter kvart har eg funne fleire slike video podcastar, og eg må jo sjå kva det er for noko, om det er noko å sjå på.

Det varierer. Men uansett, eg tenkte eg kunne lista opp dei eg har funne så langt eg, uansett kvalitet. Så her kjem lenker til både feed og websider:

Sånn, der er dei lista opp i vilkårleg rekkefølgje. Dei fleste/alle av desse er tilgjengelege i poscastdelen til iTunes, og meir til, men ein må jo vera klar over at slikt finst før ein bryr seg med å sjå etter det – og alle brukar jo ikkje iTunes heller, så eg vonar dette kan vera eit tips til nokre, i alle fall.

No gjeld det berre å sjå om eg finn noko tilsvarande for Painter – og eg tek gjerne i mot tips. 🙂