Fri vilje kan vera ein uting

Posted by Svein KÃ¥re on august 19th, 2006 filed in Humor

Fri vilje er ikkje alltid av eit gode. Tvert om så kan fri vilje føra til problem av større eller mindre grad, for ikkje å snakka om sjølvkjensla som kan få seg ein alvorleg knekk. Eg har visse erfaringar med dette, og dei uheldige konsekvensane denne frie viljen medførte.

Badevekta mi er ei vekt med fri vilje. Vanlegvis gjer vekter det dei skal og viser vekta av det som blir plassert oppÃ¥ dei — men ikkje mi vekt. Det er ikkje slik at ho tek feil av kor tungt eit kilogram er, og viser konstant litt for mykje eller litt for lite — Ã¥ nei dÃ¥. Mi vekt er ei skikkeleg primadonna.

Eg stig opp pÃ¥ vekta mi, og ho viser — vel, litt meir enn ønska, men eg veg no noko. Om eg veg for mykje, sÃ¥ kan eg prøva Ã¥ godsnakka litt med ho, flytta ho til ein betre plass pÃ¥ golvet, eller berre vri litt pÃ¥ ho — og er eg heldig kan eg ha gÃ¥tt ned 1, 2 kanskje opp i mot 3 kilo pÃ¥ dei sekunda dette har teke meg. Aberet er om vekta av ein eller annan grunn ikkje er nøgd med behandlinga – dÃ¥ kan eg i staden like gjerne ha gÃ¥tt opp like mange kilo.

Det kan vera knusande for sjølvkjensla om eg et sunt og godt og rett, og trimmar mykje, og finn ut at eg har gÃ¥tt opp i vekt. Uansett kor mykje eg dullar og steller med badevekta mi. Og om eg etter eit godt, tungt herremÃ¥ltid oppdagar at eg har gÃ¥tt bra ned i vekt — kva er dÃ¥ vitsen med Ã¥ slanka seg?

Nei, eg fann jo ut at noko måtte gjerast. Slike nykker kan eg ikkje leva med, eg har nok med mine eigne. Så eg drog ut på jakt etter ei eg kunne stola på, ei som ikkje ville plaga meg med ustabilt humør, og det ville ikkje skada om ho tok seg godt ut heller. Og i dag fann eg ho. Vakker å sjå til, ho har sans for detaljar og korrekt informasjon, og ser ikkje ut til å ha noko i mot å ha meg oppå seg. Ho viser det same, uansett kor på golvet ho står og uansett vinkel i forhold til veggen. Opera heiter ho.

Eg har alltid hatt gode erfaringar med Opera – og no òg som badevekt.
Ny og gammal vekt

Leave a Comment