Merkelapp-arkiv: uhell

Digitalkamera og vatn

Digitalkamera i sjøen

Enkelte erfaringar skulle eg gjerne vore utan – til dømes slike som går på det å kombinere digitalkamera og (salt)vatn. Diverre får eg det ikkje alltid som eg vil, og nemnde kombinasjon kan eg altså no fortelja om.

Vel, kameraet mitt hamna altså i vatnet, eller sjøen for å vera meir spesifikk. I lag med meg — kameraet låg godt i lomma mi det, då eg skulle ombord i ein kano. Kva som skjedde tør eg ikkje seia noko om, og andre personen var slett ikkje sikker ho heller — men kanoen velta i alle fall, med tilhøyrande uheldige konsekvensar for finelektronikk. Det var berre sekundar om å gjera, men det var nok. Kameraet hadde fått væte i seg.

Hadde det vore reint vatn hadde det nok gått greit å berre la det tørka — i alle fall greiare enn det gjorde. Men — med saltet kunne eg ikkje ta den sjansen, for då hadde ting garantert vorte øydelagd. Uansett, eg sette kameraet under springen då eg kom inn og spylte på — det kunne jo henda det ville fungere. Trass alt, eg har jo lest om folk som har vore heldige på det viset, sjølv om eg rekna med kameraet var øydelagd.
Eg fekk meg eit eingongskamera, mens det digitale tørka nokre dagar. Utan noko betring – det fungerte ikkje. Ikkje før det, vel, brått byrja å fungere igjen. Det var ein tysdag kveld, så onsdagen var det i full bruk, og torsdagen om kvelden. Det er neppe nokon samanheng her, men torsdag kvelden tok kameraet kvelden. Igjen. Denne gong med ei feilmelding, og det vart sluttstreken for det. No var det ferdig.

Konklusjonen oppe i dette er vel enkel nok: Digitalkamera likar ikkje vatn. Det er nok smart å ha kamera i ein vasstett pose når eg er nær vatn.

Ei anna side av saka er jo at eg måtte ha meg nytt kamera. Det er ein god del betre enn det gamle, og eitt eg hadde hatt lyst på ei stund, så… Hadde vel eigentleg ikkje råd til det, men det kan kanskje vera noko positivt i det likevel. 😉