Ein imponert lallebommar

Dette tok stad natt til sundag, så det er lite imponerande at eg først skriv om det no. Det som derimot imponerte er servicen eit firma har vist meg til no. Eg har nemleg handla litt frå Amazon dei siste dagane, i fleire omgongar, men òg nytta sjansen til å handla frå andre, ved å klikka på dei «used and new»-lenkene som Amazon gir.

Eitt av dei firmaene som eg bestilte frå via Amazon, Bookdepository, sendte nemleg mail til meg klokka 01:48, natt til sundag, for å fortelja korleis det låg an med bestillinga – dei ville snart senda bøkene eg hadde bestilt.

Eg vart imponert eg, over å få ein slik mail på eit slikt tidspunkt. Greit nok, det er nok eit automatisert system som tek seg av utsendinga av slikt, men likevel. På det tidspunktet vart eg imponert.

Kva så med lallebomminga? Vel, eg heldt nemleg på og kikka litt på bloggstatistikken min akkurat då, og ein gammal artikkel eg skreiv om lallebomming (på engelsk) dukka opp som nylig besøkt. Hadde heilt gløymt ut av det ordet eg, der eg satt og lallebomma. Eg prøvde å innføra dette nyordet første gong på kvinneguiden tilbake i 2005, men sidan det etter eit raskt søk med Google ikkje dukkar opp i bruk andre stadar, må det kunna seiast å vera eit heller mislukka forsøk.

Skjønt, ein veit jo aldri. Eg held stadig på å lallebomma eg, når eg ikkje burde, så …

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *