Melding om ankommet ufortollet sending

Posted by Svein KÃ¥re on oktober 12th, 2006 filed in Grafikk, Tanken er fri

Project Dogwaffle PackageDet lÃ¥g ein konvolutt i postkassa mi. Ein med vindauge, og med Posten som avsendar. Kva det var for noko hadde eg inga aning om — dei sendte vel ikkje adressert reklame til meg?

Neida, det var ikkje reklame. DÃ¥ eg hadde kome meg inn og slengt meg ned framfor PCen og posten pÃ¥ skrivebordet, opna eg og sÃ¥g kva det kunne vera. Og overskrifta var grei nok den: «Melding om ankommet ufortollet sending.» Eg var altsÃ¥ litt lengre — det lÃ¥g ei pakke og venta pÃ¥ Ã¥ bli fortolla. Ei pakke til meg. Men kva? Eg hadde ikkje bestilt noko.

I følge opplysningane i brevet, var det eit rekommandert brev frÃ¥ Storbritannia, og avsendar var Fasttraksoftware. Hmmm, Fasttrak Software ja, det… Det ringte ingen bjeller. Men eg satt jo klar framfor PCen og skreiv raskt inn namnet i Google. Nokre resultat dukka opp òg, og eg sÃ¥g etter pÃ¥ eitt av dei. Programvare for hageplanlegging/-utforming? Det høyrdest litt kjent ut — hadde vore borte i noko sÃ¥nt, men det var mange Ã¥r sidan. Innstallerte det aldri, sidan eg ikkje hadde hage.

Men dÃ¥ eg sÃ¥g Project Dogwaffle stod det med eitt klart for meg. Det var nemleg premien i ein konkurranse i eitt av dei første nummera av ImagineFX, eit britisk blad. Og den konkurransen sendte eg inn svar til. Her var altsÃ¥ resultatet – eg hadde vunne! Situasjonen minna meg litt om ein annan konkurranse eg var med i for svært mange Ã¥r sidan, i eit anna britisk blad. Ikkje fordi situasjonen var sÃ¥ lik — heller tvert om. Her fekk eg premien utan Ã¥ bli fortalt om det, førre gong vart eg fortalt at eg vann, men fekk aldri premien. Men — pakken var jo klar til fortolling, eg mÃ¥tte betala pengar?

Eg leste brevet grundigare, for Ã¥ sjÃ¥ kva som stod. Eg visste det er rÃ¥d Ã¥ ta hand om fortollinga sjølv og sleppa avgifter til posten, men korleis var no desse avgiftene, og kvar ligg den lokale tollstaden? Og mÃ¥tte eg verkeleg betala toll nÃ¥r det var gÃ¥ve? Løysinga for Ã¥ fÃ¥ svar var grei nok — eg fekk stikka innom posten no nÃ¥r eg likevel skulle ut.

Ho var hyggeleg ho på posten, men noko greia på det med tollen, det hadde ho ikkje. Alt det ho gjorde i slike tilfelle var å faksa utfylt skjema over til dei som skulle ha det. Men eg kunne jo skriva på skjemaet at det var ei gåve? Eller ringa kundeservice og snakka med dei der. Uansett, skulle eg fortolla sjølv, måtte eg reisa inn til Stavanger, og då ville vinninga nesten gått opp i spinninga.

Eg bestemte meg for Ã¥ ringa eg, sjølv om eg mÃ¥tte venta til over helga. Der kom eg raskt til folk som kunne hjelpa. Det var gÃ¥ve ja — kunne eg fÃ¥ avsendar til Ã¥ gi melding om at det var ei gÃ¥ve? Vel, det var ikkje sÃ¥ lett det — eg visste jo i grunnen ikkje kven eg skulle kontakta der, eller adressa for den del. Dama i andre enden ba meg halda linja, ho skulle snakka med dei i pakkeavdelinga (eller noko sÃ¥nt.) Ei stund seinare kom ho tilbake: «Jo, det er ei gÃ¥ve. Men eg skal ikkje røpa kva det er. Du fÃ¥r pakka om 2-3 dagar.» Eg takka fint.

2-3 dagar seinare fekk eg pakka. og joda, eg hadde rett, det var Project Dogwaffle. Eit grafikkprogram som simulerer naturtru penslar. Det er no innstallert — men eg har ikkje fÃ¥tt testa det enno. Er litt for mange andre ting eg mÃ¥ fÃ¥ unna før eg kan kosa meg med det. Men no mÃ¥ eg i alle fall fÃ¥ sett av tid til Ã¥ teikna litt igjen, og fÃ¥ nokre resultat ut av dette. HÃ¥par dei vert gode nok til at eg tør visa fram noko. 😉

Leave a Comment