Kategoriarkiv: Humor

Vel – det er meininga det skal vera humor her då …

Sofavelgjarar

I desse valkamptider så er det mange ulike meiningar om ganske mykje som blir lufta dagleg, bl.a. i valkampduellar mellom rikspolitikarar på TV. Skal ein orientere seg i fylkes- og kommunepolitikken og det som er viktig for deg, så er det nok heller andre kanalar om er nyttige. Ikkje TV-kanalar, men meir lokal informasjon, der du faktisk får veta noko, og politikarane får tid og sjanse til å fortelja kva dei vil og står for. Likevel, det er ein del som ikkje orkar bry seg med å stemma på nokre av desse politikarane, av ulike grunnar: Sofaveljarane. Men, korleis er det eigentleg med det valet desse sofaveljarane tek?

sofaveljar.jpg

Reklamesnutten: Brilleland

Brilleland har jo ein sånn periode no igjen, med aldersrabatt på brillene. Altså, at du får like mange prosent rabatt som kor gammal du er. ein 22-åring får altså 22% rabatt på brillene – men eg lurar litt på éin ting. Kanskje ein smule teoretisk situasjon, men likevel: Dersom ein 110-åring kjøper briller, får han då utbetalt 10% av prisen på brillene i tillegg til brillene, eller må han/ho nøya seg med å få dei gratis?

Dei er laga av kjøt!

Eg kom brått til å tenkje på det, då eg kikka innom bloggen her igjen (noko eg gjer så alt for sjeldan…) og såg at siste innlegget var om science fiction: hadde eg ikkje sett ei filmatisering av ei sf-novelle tidlegare? På YouTube?

Joda, det hadde eg. «They’re made out of meat» basert på ei novelle av Terry Bisson. Eg måtte berre sjå han igjen, eg. Stadig like fin. 🙂

«Trives du på jobben da, Henrik?»

Jada, det er ein reklamesnutt igjen. Mannen som sit i eit hyggeleg selskap og tygg og tygg og tygg maten — og kan ikkje svara på spørsmålet om han trivest på jobben. Han har lært seg gode manerar skjønnar me, og vil ikkje snakka med mat i munnen. Til slutt er han den einaste som sit igjen ved bordet, og tygg og tygg og tygg mens det blir dekka av og rydda vekk. (Hmmm – kvar er manerane til dei andre? Ein ryddar då ikkje av bordet før alle er ferdige med å eta?)

Reklamen er sjølvsagt for ein kjent kjøtprodusent, som vil fortelja oss at deira kjøt er mørt og fint. Men – det skurrar litt der… Dersom problemet er at kjøtet ikkje er mørt, korleis kan det ha seg at det kun er Henrik som ikkje greier å tyggja det?

Kanskje dei heller skulle brukt filmen som reklame for, tja, gebiss?

Fri vilje kan vera ein uting

Fri vilje er ikkje alltid av eit gode. Tvert om så kan fri vilje føra til problem av større eller mindre grad, for ikkje å snakka om sjølvkjensla som kan få seg ein alvorleg knekk. Eg har visse erfaringar med dette, og dei uheldige konsekvensane denne frie viljen medførte.

Badevekta mi er ei vekt med fri vilje. Vanlegvis gjer vekter det dei skal og viser vekta av det som blir plassert oppå dei — men ikkje mi vekt. Det er ikkje slik at ho tek feil av kor tungt eit kilogram er, og viser konstant litt for mykje eller litt for lite — å nei då. Mi vekt er ei skikkeleg primadonna.

Eg stig opp på vekta mi, og ho viser — vel, litt meir enn ønska, men eg veg no noko. Om eg veg for mykje, så kan eg prøva å godsnakka litt med ho, flytta ho til ein betre plass på golvet, eller berre vri litt på ho — og er eg heldig kan eg ha gått ned 1, 2 kanskje opp i mot 3 kilo på dei sekunda dette har teke meg. Aberet er om vekta av ein eller annan grunn ikkje er nøgd med behandlinga – då kan eg i staden like gjerne ha gått opp like mange kilo.

Det kan vera knusande for sjølvkjensla om eg et sunt og godt og rett, og trimmar mykje, og finn ut at eg har gått opp i vekt. Uansett kor mykje eg dullar og steller med badevekta mi. Og om eg etter eit godt, tungt herremåltid oppdagar at eg har gått bra ned i vekt — kva er då vitsen med å slanka seg?

Nei, eg fann jo ut at noko måtte gjerast. Slike nykker kan eg ikkje leva med, eg har nok med mine eigne. Så eg drog ut på jakt etter ei eg kunne stola på, ei som ikkje ville plaga meg med ustabilt humør, og det ville ikkje skada om ho tok seg godt ut heller. Og i dag fann eg ho. Vakker å sjå til, ho har sans for detaljar og korrekt informasjon, og ser ikkje ut til å ha noko i mot å ha meg oppå seg. Ho viser det same, uansett kor på golvet ho står og uansett vinkel i forhold til veggen. Opera heiter ho.

Eg har alltid hatt gode erfaringar med Opera – og no òg som badevekt.
Ny og gammal vekt

Aliens føretrekk Firefox

I følgje fleire svært så pålitelege kjelder, så er dei ulike kornsirklane prov på at aliens finst, fordi mange av dei er for kompliserte til at menneske skulle greia Ã¥ laga dei finurlege geometriske mønstra på så kort tid som dei har oppstått. Dette igjen må då logisk sett bety at aliens føretrekk Firefox.

(Dei har nok sikkert ikkje oppdaga Opera enno, elles så er logoen for enkel for dei til å bry seg med… ????)

Har det på hjernen

Enkelte melodiar har du på hjernen heile dagen – og har store problem med å bli kvitt. Ein liten melodi av ein finsk kvartett, Loituma, ser ut til å vera bra populær rundtom på nettet i ulike versjonar – her ein anime versjon av «Levas Polka». Kor lenge kan du høyra på før du nynnar med sjølv?

Reklamesnutten: Finn dott enno

Finn.no har i lengre tid vist reklamefilmar som viser at me kan selja brukte ting ved å bruka tenestene deira. Men – kva tenester det eigentleg dei reklamerer for?

Me kan selja kva som helst, ja – men i reklamefilmane har det jo heile tida vore andre sine ting som har blitt selt. Det skulle då ikkje vera slik at finn.no glorifiserer – heleri?

Små pupper

Eg har frå tid til annan fått e-post frå personar som har vore opptekne av mitt ve og vel, og bekymra lurt på om eg syntest puppene mine er store nok. Sidan eg ikkje har vore misnøgd med storleiken på dei, så må eg innrømma at eg berre har kasta dei e-postane.

Tydlegvis, så har eg ikkje teke hintet. Her om dagen så fekk eg ein ny mail, som rett ut sa at puppene mine er for små. Eg vart knust. Har eg teke feil alle desse åra?

Til jenter/kvinner som les dette: Eg reknar eg med de er ekspertar på området pupper, så eg vender meg til dykk for ekspertråd. For tida er eg flatbrysta – er det for smått? I så fall, kor store bør eg satsa på? Det har liksom ikkje vore A-cup eg burde satsa på i følge e-posten eg har fått…

Med venleg helsing,
Svein Kåre