Merkelapp-arkiv: premie

Melding om ankommet ufortollet sending

Project Dogwaffle PackageDet låg ein konvolutt i postkassa mi. Ein med vindauge, og med Posten som avsendar. Kva det var for noko hadde eg inga aning om — dei sendte vel ikkje adressert reklame til meg?

Neida, det var ikkje reklame. Då eg hadde kome meg inn og slengt meg ned framfor PCen og posten på skrivebordet, opna eg og såg kva det kunne vera. Og overskrifta var grei nok den: «Melding om ankommet ufortollet sending.» Eg var altså litt lengre — det låg ei pakke og venta på å bli fortolla. Ei pakke til meg. Men kva? Eg hadde ikkje bestilt noko.

I følge opplysningane i brevet, var det eit rekommandert brev frå Storbritannia, og avsendar var Fasttraksoftware. Hmmm, Fasttrak Software ja, det… Det ringte ingen bjeller. Men eg satt jo klar framfor PCen og skreiv raskt inn namnet i Google. Nokre resultat dukka opp òg, og eg såg etter på eitt av dei. Programvare for hageplanlegging/-utforming? Det høyrdest litt kjent ut — hadde vore borte i noko sånt, men det var mange år sidan. Innstallerte det aldri, sidan eg ikkje hadde hage.

Men då eg såg Project Dogwaffle stod det med eitt klart for meg. Det var nemleg premien i ein konkurranse i eitt av dei første nummera av ImagineFX, eit britisk blad. Og den konkurransen sendte eg inn svar til. Her var altså resultatet – eg hadde vunne! Situasjonen minna meg litt om ein annan konkurranse eg var med i for svært mange år sidan, i eit anna britisk blad. Ikkje fordi situasjonen var så lik — heller tvert om. Her fekk eg premien utan å bli fortalt om det, førre gong vart eg fortalt at eg vann, men fekk aldri premien. Men — pakken var jo klar til fortolling, eg måtte betala pengar?

Eg leste brevet grundigare, for å sjå kva som stod. Eg visste det er råd å ta hand om fortollinga sjølv og sleppa avgifter til posten, men korleis var no desse avgiftene, og kvar ligg den lokale tollstaden? Og måtte eg verkeleg betala toll når det var gåve? Løysinga for å få svar var grei nok — eg fekk stikka innom posten no når eg likevel skulle ut.

Ho var hyggeleg ho på posten, men noko greia på det med tollen, det hadde ho ikkje. Alt det ho gjorde i slike tilfelle var å faksa utfylt skjema over til dei som skulle ha det. Men eg kunne jo skriva på skjemaet at det var ei gåve? Eller ringa kundeservice og snakka med dei der. Uansett, skulle eg fortolla sjølv, måtte eg reisa inn til Stavanger, og då ville vinninga nesten gått opp i spinninga.

Eg bestemte meg for å ringa eg, sjølv om eg måtte venta til over helga. Der kom eg raskt til folk som kunne hjelpa. Det var gåve ja — kunne eg få avsendar til å gi melding om at det var ei gåve? Vel, det var ikkje så lett det — eg visste jo i grunnen ikkje kven eg skulle kontakta der, eller adressa for den del. Dama i andre enden ba meg halda linja, ho skulle snakka med dei i pakkeavdelinga (eller noko sånt.) Ei stund seinare kom ho tilbake: «Jo, det er ei gåve. Men eg skal ikkje røpa kva det er. Du får pakka om 2-3 dagar.» Eg takka fint.

2-3 dagar seinare fekk eg pakka. og joda, eg hadde rett, det var Project Dogwaffle. Eit grafikkprogram som simulerer naturtru penslar. Det er no innstallert — men eg har ikkje fått testa det enno. Er litt for mange andre ting eg må få unna før eg kan kosa meg med det. Men no må eg i alle fall få sett av tid til å teikna litt igjen, og få nokre resultat ut av dette. Håpar dei vert gode nok til at eg tør visa fram noko. 😉