Dagsarkiv: tys 29. mar 2005

Da Vinchi-koden med følgje

Da Vinchi-koden, Sirkelens ende, og fleire bøker med, spekulerer rundt Bibelen og korleis denne har blitt til, maktkamp og hemmelege dokument, kven Jesus var, kva han var, og om han eigentleg døydde på krossen. I kjølvatnet av Da Vinchi-koden så er det blitt utgitt mange fleire bøker og artiklar som går kritisk gjennom påstandane i denne boka og kjeldene som blir brukt, mykje betre enn eg kan drøyma om å gjera. Så eg har ikkje tenkt å gjera det.

Ein ting som har slått meg dog, er spekulasjonane om at Jesus ikkje døydde på krossen, og at om dette vart kjent (Vatikanet eller ein eller annan hemmeleg orden/organisasjon vaktar jo sjølvsagt denne løyndomen) så ville det ha store konsekvensar for kristendomen og millionar av menneske verda over. Men – tenkjer eg – går desse spekulasjonane langt nok?

Det er klart – om Jesus ikkje døydde på krossen så ville det bety store omveltingar, for å seia det forsiktig. Men det er ikkje spekulasjonane om kva som ville skjedd no eg etterlyser – eg etterlyser tankar om følgjene av dette frå starten av, då Jesus vart krossfesta. Kven visste sanninga? Kven ville tena på det? Kva for samansverjingar ville måtta ha funne stad? Og – ville kristendomen ha oppstått om så var tilfelle?

Oppe i slike spekulasjonar må me ikkje gløyma det viktigaste: Kven var Jesus? I dei jødiske skriftene er det mange profetiar om den Messias dei ventar på – svært mange. Nokre av dei kunne kven som helst med kjennskap til dei oppfylla – som det å ri inn i Jerusalem på eit esel. Andre har ein ingen kontroll over – som ætta og kven ein stammar frå. Det er så lite sannsynleg at nokon tilfeldigvis skulle oppfylla desse profetiane – det er nær null – men Jesus oppfylte dei. Det som står igjen, uoppfyllt, er at Messias reint fysisk skal frigjere jødane, her på jorda. Jesus sa at det skulle han gjera, når han kom att.

Det er desse tankane eg gjer meg når eg høyrer eller les om spekulasjonar eller påstandar om at sanninga er ein annan enn den som blir presentert for oss i den kristne Bibelen.