Merkelapp-arkiv: copyright

Eg vil ikkje stela ein bil

For eit lite år sidan kom platebransjen med kampanjen piracy kills music. Ikkje alle var heilt einige i det, og at mange av påstandane som vart sett fram var heilt galne hjelpte kanskje ikkje heilt på å overbevisa publikum.

Politikarar er kanskje lettare å overbevisa, og film- og platebransjen sine lobbyistar har no fått god utteljing på det dei har gjort slik sett, sjølv om ting etter kvart byrjar å skje. Det er visst helst svenskane som har fått ord på seg for å vera meir opne for at fildelinga ikkje berre har negative sider ved seg, inkludert blant enkelte politikarar. No nyleg er det dei grøne – i heile Europa – som prøver å slå tilbake mot film- og platebransjen sin propaganda. Det gjer dei ved hjelp av ein liten filmsnutt, som nok vil verka ein smule kjent for alle som har sett film på kino, eller DVD.

Propaganda:

Responsen:

Vel – det er òg ei lita nettside laga til: I wouldn’t steal (eksisterer ikkje meir). Svenske Aftonbladet var tidleg ute med ein reportasje om dette. Naturleg nok er ikkje alle like nøgde med utspelet til Miljøpartiet…
(Via TorrentFreak)

For lang copyright?

Mykje har blitt sagt og skrive om copyright og problematikken rundt dette, og mykje vil nok bli sagt og skrive i tida framover òg. Eg for min del vil i dette tilfellet ikkje skriva noko om dette, men eg har nett lest noko som eg synest er eit svært godt innlegg i debatten: Ei gammal novelle av Spider Robinson, Melancholy Elephants.

Herr Robinson har no gjort denne novella gratis tilgjengeleg på nettstaden sin, så det er i grunnen ikkje noko å lura pÃ¥: Raska på og gå og les!

Dan Brown – intellektuell tjuv?

Michael Baigent og Richard Leigh er ikkje særleg nøgde med Dan Brown og boka hans «Da Vinci-koden». Ikkje med utgivaren Random House heller, for den del. Dei er så lite nøgde at dei går til søksmål mot både Dan Brown og Random House. Årsaka er at Dan Brown skreiv romanen «Da Vinci-koden» basert på opplysningar funne i boka dei sjølve skreiv i 1982 – «The Holy Blood and the Holy Grail» – utan ein gong å bli nemnd1). Dei kallar dette intellektuelt tjuveri2).

Hmmm. Det er noko som skurrar her.

Boka til herrene Baigent og Leigh vert i Dagbladet kalla ei faktabok. No er vel dette å dra det litt langt; det er ikkje meir enn svært omdiskuterte teoriar det er snakk om – ikkje kalde, harde fakta. Uansett, forfattarane seier boka er eit resultat av årelang forsking, at boka er deira produkt. Og det er ingen tvil om det. Men korleis er det med teoriane som blir presentert i boka? Kan teoriar om historiske hendingar vera intellektuell eigendom? Kva då med dei opplysningane dei byggjer teoriane sine på – for dei har vel ikkje dikta opp alt i hop sjølve? Og kva om dei byggjer på historiske fakta – fakta kan i alle fall ikkje vera nokon intelektuell eigendom.

Å bruka opplysningar som stammar frå andre – slikt som teoriar – kan vel neppe seiast å vera intellektuelt tjuveri. Så kva er det då Baigent og Leigh siktar til? Er det sjølve teksten deira? Men – då ville vel søksmålet gått på noko anna enn det heller vage «intellektuelt tjuveri.»

No er det jo mange som har vore og er svært kritiske til Baigent og Leigh, og Brown med, og kalla arbeidet deira for «kreativ forsking» – og vore snille når dei har teke med ordet forsking i den omtalen. Med andre ord, den forskinga dei legg fram er heller eit produkt av deira eigen livlege fantasi, går mange påstandar på. Om det er tilfelle, då kan dei jo stå ein del sterkare i søksmålet. Skjønt – det er vel ikkje akkurat det dei vil dra fram til sin fordel…

Uansett – det kan bli artig å sjå utviklinga her. Korleis blir reaksjonane om søksmålet går i favør av Baigent/Leigh – men med den grunngjevinga at det er deira fantasi og ikkje historiske fakta? 😉

Fotnotar:
1) Boka vart jo nemnd, det eg hugsar, i teksten – men ikkje som kjelde til romanen.
2) Ja, kva er no eigentleg intellektuelt tjuveri og intellektuell eigendom? Bortsett frå eit mykje misbrukt omgrep?