Merkelapp-arkiv: skriving

Eg undrar …

Det er nokre dagar sidan sist eg skreiv eit innlegg i denne bloggen. 3708 dagar, faktisk. Nesten ti år og to månadar. Og no har eg gått hen og byrja undra meg att: Kva skal eg gjera med han? Éin ting er at det er jo litt dumt å ha ein blogg og ikkje skriva noko i han, så då er vel valget å enten leggja han ned – eller skriva i han. Og om eg skal skrive, skal eg då fortsetje i same spor som før, eller skal eg byta profil?

Eg er jo stadig interessert i mange slags kreative aktivitetar, som alle kan bloggast om, og visa bilete av. Mykje av det går fint an å skrive om i ein og same blogg, òg, men så har eg jo Random Thoughts på engelsk – som òg har hatt ti års pause. Der kan eg òg skrive. Eg er dog lite lysten på å duplisere innhald, så her må eg nok tenka meg godt om.

Dei siste ti åra har eg arbeidd i forlag, både grafisk og skriftleg, og har sett meg ekstra inn i ein del ting som er viktige for forfattarar å tenke over. Pluss at skrivegleda mi og gleda med historieforteljing er meir tilbake. Det kan eg tenka meg å blogge litt om, på norsk. Men, fortener det kanskje sin eigen blogg, med det som tema?

Det blir litt å tenkja over dette – eg har jo ikkje lyst å spre meg for tynt ut over for mange plassar, slik at alt renn ut i sanden og det går ti nye år utan oppdateringar …