Eg vil ikkje stela ein bil

Posted by Svein Kåre on januar 20th, 2008 filed in Tanken er fri
Comment now »

For eit lite år sidan kom platebransjen med kampanjen piracy kills music. Ikkje alle var heilt einige i det, og at mange av påstandane som vart sett fram var heilt galne hjelpte kanskje ikkje heilt på å overbevisa publikum.

Politikarar er kanskje lettare å overbevisa, og film- og platebransjen sine lobbyistar har no fått god utteljing på det dei har gjort slik sett, sjølv om ting etter kvart byrjar å skje. Det er visst helst svenskane som har fått ord på seg for å vera meir opne for at fildelinga ikkje berre har negative sider ved seg, inkludert blant enkelte politikarar. No nyleg er det dei grøne – i heile Europa – som prøver å slå tilbake mot film- og platebransjen sin propaganda. Det gjer dei ved hjelp av ein liten filmsnutt, som nok vil verka ein smule kjent for alle som har sett film på kino, eller DVD.

Propaganda:

Responsen:

Vel – det er òg ei lita nettside laga til: I wouldn’t steal. Svenske Aftonbladet var tidleg ute med ein reportasje om dette. Naturleg nok er ikkje alle like nøgde med utspelet til Miljöpartiet…
(Via TorrentFreak)


Sofavelgjarar

Posted by Svein Kåre on august 29th, 2007 filed in Humor
Comment now »

I desse valkamptider så er det mange ulike meiningar om ganske mykje som blir lufta dagleg, bl.a. i valkampduellar mellom rikspolitikarar på TV. Skal ein orientere seg i fylkes- og kommunepolitikken og det som er viktig for deg, så er det nok heller andre kanalar om er nyttige. Ikkje TV-kanalar, men meir lokal informasjon, der du faktisk får veta noko, og politikarane får tid og sjanse til å fortelja kva dei vil og står for. Likevel, det er ein del som ikkje orkar bry seg med å stemma på nokre av desse politikarane, av ulike grunnar: Sofaveljarane. Men, korleis er det eigentleg med det valet desse sofaveljarane tek?

sofaveljar.jpg


Ein imponert lallebommar

Posted by Svein Kåre on august 21st, 2007 filed in Tanken er fri
Comment now »

Dette tok stad natt til sundag, så det er lite imponerande at eg først skriv om det no. Det som derimot imponerte er servicen eit firma har vist meg til no. Eg har nemleg handla litt frå Amazon dei siste dagane, i fleire omgongar, men òg nytta sjansen til å handla frå andre, ved å klikka på dei «used and new»-lenkene som Amazon gir.

Eitt av dei firmaene som eg bestilte frå via Amazon, Bookdepository, sendte nemleg mail til meg klokka 01:48, natt til sundag, for å fortelja korleis det låg an med bestillinga – dei ville snart senda bøkene eg hadde bestilt.

Eg vart imponert eg, over å få ein slik mail på eit slikt tidspunkt. Greit nok, det er nok eit automatisert system som tek seg av utsendinga av slikt, men likevel. På det tidspunktet vart eg imponert.

Kva så med lallebomminga? Vel, eg heldt nemleg på og kikka litt på bloggstatistikken min akkurat då, og ein gammal artikkel eg skreiv om lallebomming (på engelsk) dukka opp som nylig besøkt. Hadde heilt gløymt ut av det ordet eg, der eg satt og lallebomma. Eg prøvde å innføra dette nyordet første gong på kvinneguiden tilbake i 2005, men sidan det etter eit raskt søk med Google ikkje dukkar opp i bruk andre stadar, må det kunna seiast å vera eit heller mislukka forsøk.

Skjønt, ein veit jo aldri. Eg held stadig på å lallebomma eg, når eg ikkje burde, så…


Reklamesnutten: Brilleland

Posted by Svein Kåre on august 18th, 2007 filed in Reklame
Comment now »

Brilleland har jo ein sånn periode no igjen, med aldersrabatt på brillene. Altså, at du får like mange prosent rabatt som kor gammal du er. ein 22-åring får altså 22% rabatt på brillene — men eg lurar litt på éin ting. Kanskje ein smule teoretisk situasjon, men likevel: Dersom ein 110-åring kjøper briller, får han då utbetalt 10% av prisen på brillene i tillegg til brillene, eller må han/ho nøya seg med å få dei gratis?


Gode tilbod: Bryce 5.5, gratis

Posted by Svein Kåre on juni 30th, 2007 filed in Data'n
Comment now »

Det er mange år sidan eg først kom over Bryce. Det var via ein coverdisk på eitt eller anna datablad, så vidt eg kan hugsa. Nyfiken som eg var innstallerte eg det jo, og hadde det litt moro med programmet. Men eg sette meg aldri skikkeleg inn i det, og følgeleg slutta eg å bruka det. Dumt av meg kanskje, for fascinasjonen over den typen program har ikkje heilt forlete meg enno…Bryce 5.5

Kanskje eg skulle gjera noko med det? No har eg i alle fall sjansen til å prøva igjen, utan at det kostar meg nokon ting. DAZ har bestemt seg for å gi vekk Bryce 5.5 gratis, no når versjon 6 gjer det bra for seg sjølv. Fleire med meg? Enten de har Mac eller PC, last ned Bryce 5.5 og sjå om det er noko å satsa på. 🙂

Vel – kanskje eg er seint ute, og at dette tilbodet har vore aktivt og velkjent lenge? Men pyttsann. Det var uansett nytt for meg, i alle fall.


Ting om meg ikkje mange veit

Posted by Svein Kåre on juni 9th, 2007 filed in Tanken er fri
Comment now »

wander har utfordra meg med eit lite meme, så eg får vel sjå om eg ikkje greier å gjera meg ferdig med denne då. (Eit tidlegare forsøk på å få meg til å ta opp slikt var ikkje vellukka…)

Tre jobber eg har hatt i livet mitt: Lærar, systemkonsulent, databaseutviklar

Tre stadar eg har budd: Stord, Bergen, Austevoll

Tre stadar eg har feriert: Tyskland, USA, Canada

Tre av mine favorittretter: Tikka Masala, fleskasos, laksemiddagen til opphavet

Tre stadar eg skulle likt å ha vore no: På stranda, på sjøen, Japan

Tre personar eg tror kjem til å svara på dette: Eg trur ingenting, eg. Becca, kanskje? (Sjølv om det var hennar utfordring eg aldri greidde å somla meg til å svara ferdig på…)

Kopiert og svart på.
Og snille deg, ikkje øydelegg det morosame.
Kopier det over på din blogg, fjern mine og legg til dine eigne svar.
På denne måten får du vita mykje nytt og spanande om andre!


Seriøs litteratur

Posted by Svein Kåre on mai 27th, 2007 filed in Litteratur
1 Comment »

Eg har eit problem eg, med seriøs litteratur. Eller kanskje det var høgverdig litteratur, eller «den eigentlege» litteraturen? Alle desse har blitt brukt om denne bestemte litteraturen i alle fall, og mange veit kanskje godt kva det er eg snakkar om. Om det er tilfelle, så vil eg gjerne få svar på eit spørsmål: Kva er det eigentleg for slags litteratur?

No har eg fått med meg at det i alle fall ikkje er krim. Heile denne genren er avskriven som øydeleggjande for seriøs litteratur, i følgje Grande. Men, er seriøs litteratur ein eigen genre, eller er det andre ting me kan kjenna att seriøs litteratur på? Når eg prøver å tenkja tilbake på tidlegare debattar, så er det i alle fall ein del ting som går att:

Romantikk. Bøkene innanfor denne genren kan visstnok knapt kallast litteratur. Eg har ikkje lest så mykje av dette eg, så eg skal ikkje uttala meg om denne genren.

Kiosklitteratur er òg noko negativt. No veit eg at det her ikkje er snakk om ein eigen genre, sidan eg finn både krim og romantikk i kioskar, og meir til. På den andre sida, eg har òg kjøpt klassikarar som Shakespeare, Homer og Jerome K. Jerome i kioskar, og eg har ikkje inntrykk av at dette er noko som vert sett ned på. Er kiosklitteratur ein eigen genre likevel, ein som vert seld side om side ved krim, romantikk, spenning og klassiske verk? Hmmm – det vart vanskeleg dette. Kanskje noko eg burde finna ut av seinare?

Fantasy og science fiction er to genrar som har to ting til felles: Det er fantastisk litteratur, og begge vert ignorert av talsmenn for seriøs litteratur. Eller — vent no litt! Den boka av Shakespeare eg kjøpte i kiosken, det var jo faktisk ei fantasy-forteljing det. Eit populært og prisa stykke, når eg tenkjer meg om: Ein midtsommarnatts draum. Og vår eigen Henrik Ibsen heldt heller ikkje fingrane vekke frå fantasy-genren — og det er ei like prisa og populær teateroppsetjing verda over: Peer Gynt.

Men, det er eit hjartesukk eg kom over tidlegare i år, om at det er ein god del fantasy og science fiction som vert kalla ved andre namn, kun fordi forlaga då kunne selja meir, fordi det då finst ein marknad. Hmmm, det høyrest kjent ut. Kva var det Grande skreiv? En flokk seriøse forfattere har gitt opp sine seriøse pretensjoner og begynt flørten [med krim]. Da har man jo et marked som forfatter. Kunne nesten tru at det er SF og fantasy som er seriøs litteratur då, om det er slik at manglande marknad skal vera eit kriterium for seriøs litteratur. Hadde det berre ikkje vore for den ignoransen og det som verre er som talsmenn for den seriøse litteraturen viser for nettopp desse to genrane. Men som me ser over, med visse unntak.

Eg er i alle fall eit lite stykke vidare her: Seriøs litteratur kan ikkje vera ein eigen genre. Enkelte vil kanskje «omdøypa» bøker som ikkje passar inn i det biletet dei har av kva seriøs litteratur er for å skapa eit inntrykk av det, det veit eg ikkje enno. For lite informasjon tilgjengeleg så langt.

Kjem eg noko vidare i funderingane kring kva type skjønnlitteratur denne seriøse litteraturen er då? I følgje Grande så skal seriøs litteratur i alle fall ha mangfald, og djupne. Refleksjonar, metaforar og så vidare, orda har ein eigenverdi som skal nytast, kunna tenkjast over. Seriøs litteratur vil kanskje vera fornyande og bryta grenser. Dette er kvalitetar krimlitteraturen ikkje har, skriv han. Rett nok tek andre til motmæle mot denne generaliseringa, men han er uansett ikkje den einaste som sorterer krim (i lag med fantasy, sf, action, grøssar, …) vekk frå seriøs litteratur. Og sjølv om dei som tek til motmæle her er ueinige med Grande om korleis krim er, så er eg ikkje så sikker på om dei er ueinige med han i at krim ikkje er seriøs litteratur.

Uansett, når eg går gjennom det Grande skriv, så stoppar det opp for meg. Eg greier ikkje å avgrensa seriøs litteratur til noko som ikkje inneheld litteratur diverse talsmenn for den seriøse litteraturen ikkje vil avvisa som ikkje tilhøyrande den seriøse litteraturen. (Hmmm, fekk eg det rett, tru?) Det vera nokre kriterium eg ikkje kjenner til, som kjenneteiknar seriøs litteratur¹ — men kva?

Nei, for min eigen del så greier eg meg godt med god litteratur og litteratur som gir meg eit utbytte av å lesa det, uansett om det er seriøs litteratur eller noko anna. Eg får trøysta meg med Sturgeons lov: Sidan 90% av all seriøs litteratur er søppel, er det betre å lesa noko eg vil lika, i staden for å ta sjansen på noko kun fordi det er seriøs litteratur.


¹ Eg må berre la vera å tru at definisjonen er: «Seriøs litteratur er litteratur eg likar, og eg likar ikkje krim, fantasy, sf, … »
Diverre kan denne tanken lett gjera seg gjeldande av og til, når eg høyrer på enkelte.


For lang copyright?

Posted by Svein Kåre on mai 9th, 2007 filed in Litteratur
Comment now »

Mykje har blitt sagt og skrive om copyright og problematikken rundt dette, og mykje vil nok bli sagt og skrive i tida framover òg. Eg for min del vil i dette tilfellet ikkje skriva noko om dette, men eg har nett lest noko som eg synest er eit svært godt innlegg i debatten: Ei gammal novelle av Spider Robinson, Melancholy Elephants.

Herr Robinson har no gjort denne novella gratis tilgjengeleg på nettstaden sin, så det er i grunnen ikkje noko å lura på: Raska på og gå og les!


Dei er laga av kjøt!

Posted by Svein Kåre on april 16th, 2007 filed in Humor, Litteratur
Comment now »

Eg kom brått til å tenkje på det, då eg kikka innom bloggen her igjen (noko eg gjer så alt for sjeldan…) og såg at siste innlegget var om science fiction: hadde eg ikkje sett ei filmatisering av ei sf-novelle tidlegare? På YouTube?

Joda, det hadde eg. «They’re made out of meat» basert på ei novelle av Terry Bisson. Eg måtte berre sjå han igjen, eg. Stadig like fin. 🙂


Gratis Doctor Who-bøker

Posted by Svein Kåre on mars 25th, 2007 filed in Litteratur
Comment now »

Doctor Who: NightshadeEg likar eigentleg å lesa eg, sjølv om eg etter kvart har ei god samling av bøker og magasin (novellesamlingar) eg enno ikkje har opna. Satsar dog på at eg skal greia å få unna ein god del når eg berre får skikk på ein del andre ting. Uansett — at eg har mykje ulest så tyder ikkje det at eg ikkje er interessert i meir å lesa. Nokre bøker og noveller er trass alt flinke til å snike i køen, ikkje berre når det gjeld prioriteringa av kva bøker som skal lesast først, men òg framfor andre ting som skal gjerast.

Hamnar Doctor Who-bøker i denne kategorien? Tja, det veit eg ikkje enno — men det finn eg nok ut. Overskrifta siktar nemleg ikkje mot bøker eg vil bli kvitt, men bøker eg får. Klart, hadde det berre vore meg som skulle få, ville dette vera ein mindre interessant post, men her er til alle.

Eg kom over dette på grunn av ei som var oppglødd over sommartida. Ved å skru tida ein time fram, så vart det nemleg ein time mindre å venta på neste sesong med doktoren. Og så fekk eg ei lenke til Doctor Who-sidene hjå BBC. (Og jada, ho er britisk og ser TV der.) Eg likte den sesongen som gjekk på TV her, så eg gjekk jo av garde og undersøkte eg — og der fann eg tilbodet: Gratis bøker til alle. Det er snakk om ebøker, men kva gjer vel det? Eg for min del skal i alle fall lasta ned og lesa.

I tillegg til sjølve bøkene, så er det tilhøyrande bilete å lasta ned. Kanskje som skrivebordsbakgrunn? Klart, dei som utforskar sidene meir finn ting som spel, lydar, video og så vidare. Ser ut som litt gøyale sider. 🙂