Gode tilbod: Poser 5, gratis

Posted in Data'n on Sep 02, 2006

Poser 5Under den daglege lesinga mi av diverse bloggar, kom eg over eit godt tilbod: I perioden 1. til 4. september får du Poser 5, gratis. Og - det er jo i grunnen ikkje så verst tilbod det, er det? Eg var i alle fall ikkje sein å be, og registrerte meg hjå Content Paradise med ein gong og lasta ned.

Det vil seie, eg prøvde å lasta ned. Eg er ikkje den einaste som synest dette er eit godt tilbod, så ting går passe tregt der — faktisk har dei litt overbelasta server for tida, men eg har no fått unnagjort bestillinga, og «your Poser 5 free download will remain available to you through the MyStuff tab indefinitely.» Så då har eg tid til å venta ei stund før eg prøver meg på nytt.

Kanskje det er andre her som veit å setja pris på eit slikt tilbod, òg?

Trackback URI | Comments RSS

2 Responses to “ Gode tilbod: Poser 5, gratis ”

  1. # 1 Frank Says:

    Må bare si tusen takk for tipset!

    Her skal det Poses, og kanskje jeg endelig nå også får dratt TrueSpace frem fra glemselen.

  2. # 2 MARCOS OMENA Says:

    i want to by poser

Leave a Reply


  • You Avatar
    Det er så mangt å undrast på – og det gjer eg.