Det er mange år sidan eg først kom over Bryce. Det var via ein coverdisk på eitt eller anna datablad, så vidt eg kan hugsa. Nyfiken som eg var innstallerte eg det jo, og hadde det litt moro med programmet. Men eg sette meg aldri skikkeleg inn i det, og følgeleg slutta eg å bruka det. Dumt av meg kanskje, for fascinasjonen over den typen program har ikkje heilt forlete meg enno…
Kanskje eg skulle gjera noko med det? No har eg i alle fall sjansen til å prøva igjen, utan at det kostar meg nokon ting. DAZ har bestemt seg for å gi vekk Bryce 5.5 gratis, no når versjon 6 gjer det bra for seg sjølv. Fleire med meg? Enten de har Mac eller PC, last ned Bryce 5.5 og sjå om det er noko å satsa på. ????
Vel – kanskje eg er seint ute, og at dette tilbodet har vore aktivt og velkjent lenge? Men pyttsann. Det var uansett nytt for meg, i alle fall.
Eg likar eigentleg å lesa eg, sjølv om eg etter kvart har ei god samling av bøker og magasin (novellesamlingar) eg enno ikkje har opna. Satsar dog på at eg skal greia å få unna ein god del når eg berre får skikk på ein del andre ting. Uansett — at eg har mykje ulest så tyder ikkje det at eg ikkje er interessert i meir å lesa. Nokre bøker og noveller er trass alt flinke til å snike i køen, ikkje berre når det gjeld prioriteringa av kva bøker som skal lesast først, men òg framfor andre ting som skal gjerast.