Ho har 40 par ski til utprøving, to kokkar som lagar mat til henne, 3 trenarar – men, berre éin ting til å halda henne frisk: TRAN.
Eg stolar ikkje på tran lengre eg.
(Dama er for tida sjuk. Takk til Wander for idéen.)
Ho har 40 par ski til utprøving, to kokkar som lagar mat til henne, 3 trenarar – men, berre éin ting til å halda henne frisk: TRAN.
Eg stolar ikkje på tran lengre eg.
(Dama er for tida sjuk. Takk til Wander for idéen.)
Situasjonen er som følgjer: Ein mann i toppen av ein bakke misser bowlingkula i det han skal leggja ho inn i bagasjerommet. Kula trillar sjølvsagt nedover, mannen spring litt etter, men det går for fort. Nede i bakken står ein annan person. Mannen med kula ropar og denne personen vert gjort merksam på bowlingkula som rullar nedover – tungt og ikkje akkurat lydlaust.
Personen nede i bakken myser oppover mot kula som kjem rullande nedover – og gjer seg klar til å stoppa ho når ho kjem ned. Eller rettare – å senda ho oppover igjen med eit velretta spark, som om det var ein fotball. Poenget er altså at denne personen treng briller, sidan han ikkje såg at det var ei bowlingkule, og ikkje ein ball.
Hallo? Denne personen burde i større grad ha bruk for eit høyreapparat! Det var lett å høyra at det slett ikkje var nokon ball som kom nedover, men noko tungt. Så sant ein ikkje var utan høyreapparat då, når ein har bruk for det.