Reklamesnutten: Nye briller?

Posted by Svein KÃ¥re on november 2nd, 2005 filed in Reklame

Situasjonen er som følgjer: Ein mann i toppen av ein bakke misser bowlingkula i det han skal leggja ho inn i bagasjerommet. Kula trillar sjølvsagt nedover, mannen spring litt etter, men det gÃ¥r for fort. Nede i bakken stÃ¥r ein annan person. Mannen med kula ropar og denne personen vert gjort merksam pÃ¥ bowlingkula som rullar nedover – tungt og ikkje akkurat lydlaust.

Personen nede i bakken myser oppover mot kula som kjem rullande nedover – og gjer seg klar til Ã¥ stoppa ho nÃ¥r ho kjem ned. Eller rettare – Ã¥ senda ho oppover igjen med eit velretta spark, som om det var ein fotball. Poenget er altsÃ¥ at denne personen treng briller, sidan han ikkje sÃ¥g at det var ei bowlingkule, og ikkje ein ball.

Hallo? Denne personen burde i større grad ha bruk for eit høyreapparat! Det var lett å høyra at det slett ikkje var nokon ball som kom nedover, men noko tungt. Så sant ein ikkje var utan høyreapparat då, når ein har bruk for det.

Leave a Comment