Dan Brown – intellektuell tjuv?

Michael Baigent og Richard Leigh er ikkje særleg nøgde med Dan Brown og boka hans «Da Vinci-koden». Ikkje med utgivaren Random House heller, for den del. Dei er så lite nøgde at dei går til søksmål mot både Dan Brown og Random House. Årsaka er at Dan Brown skreiv romanen «Da Vinci-koden» basert på opplysningar funne i boka dei sjølve skreiv i 1982 – «The Holy Blood and the Holy Grail» – utan ein gong å bli nemnd1). Dei kallar dette intellektuelt tjuveri2).

Hmmm. Det er noko som skurrar her.

Boka til herrene Baigent og Leigh vert i Dagbladet kalla ei faktabok. No er vel dette å dra det litt langt; det er ikkje meir enn svært omdiskuterte teoriar det er snakk om – ikkje kalde, harde fakta. Uansett, forfattarane seier boka er eit resultat av årelang forsking, at boka er deira produkt. Og det er ingen tvil om det. Men korleis er det med teoriane som blir presentert i boka? Kan teoriar om historiske hendingar vera intellektuell eigendom? Kva då med dei opplysningane dei byggjer teoriane sine på – for dei har vel ikkje dikta opp alt i hop sjølve? Og kva om dei byggjer på historiske fakta – fakta kan i alle fall ikkje vera nokon intelektuell eigendom.

Å bruka opplysningar som stammar frå andre – slikt som teoriar – kan vel neppe seiast å vera intellektuelt tjuveri. Så kva er det då Baigent og Leigh siktar til? Er det sjølve teksten deira? Men – då ville vel søksmålet gått på noko anna enn det heller vage «intellektuelt tjuveri.»

No er det jo mange som har vore og er svært kritiske til Baigent og Leigh, og Brown med, og kalla arbeidet deira for «kreativ forsking» – og vore snille når dei har teke med ordet forsking i den omtalen. Med andre ord, den forskinga dei legg fram er heller eit produkt av deira eigen livlege fantasi, går mange påstandar på. Om det er tilfelle, då kan dei jo stå ein del sterkare i søksmålet. Skjønt – det er vel ikkje akkurat det dei vil dra fram til sin fordel…

Uansett – det kan bli artig å sjå utviklinga her. Korleis blir reaksjonane om søksmålet går i favør av Baigent/Leigh – men med den grunngjevinga at det er deira fantasi og ikkje historiske fakta? 😉

Fotnotar:
1) Boka vart jo nemnd, det eg hugsar, i teksten – men ikkje som kjelde til romanen.
2) Ja, kva er no eigentleg intellektuelt tjuveri og intellektuell eigendom? Bortsett frå eit mykje misbrukt omgrep?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *