Biletformat

Det finst mange ulike format du kan lagra bileta dine i - men kva av dei er best? Det kjem an på kva dei skal brukast til. Her er nokre vanlege format:

Skal du lagra bilete du vil bruka på nettet, bruk Save for Web i Photoshop. Det gir deg ein interaktiv måte der du kan vurdere kvalitet og filstorleik opp mot kvarandre, pluss at det ikkje lagrar unødvendig ekstrainformasjon på denne måten.

1. Når eg lagrar bileta mine, så vert kvaliteten dårlegare for kvar gong.

Dette skjer dersom du lagrar bileta som JPEG (eller andre format som misser informasjon under komprimering.) For kvar gong du lagrar eit bilete som JPEG, så vert det komprimert, og du misser stadig meir detaljar og fargeinformasjon.

2. Digitalkameraet mitt lagrar filene som JPEG. Korleis skal eg lagra filene når eg editerer dei?

Lagre filene som PSD eller TIFF, alt etter om du skal editere vidare eller om dei er ferdige. Lagre som JPEG kun når dei er heilt ferdige og skal publiserast. Lagre gjerne ein kopi med best mulig kvalitet i TIFF i tillegg, i tilfelle du vil endre litt på biletet seinare.

Tilbake til meny