Eg har ikkje born sjølv, men eg har i alle fall ofte høyrt kor viktig det er å skryte av borna, for å gi dei inspirasjon og stå-på-vilje. Men – er det slik det fungerer, eller kan skryt ha motsett verknad, dvs. får borna til å gi opp fortare?
No er eg nett ferdig med å lesa ein interessant artikkel, «How Not to Talk to Your Kids» som viser korleis skryt faktisk gjer ting verre. Ikkje all skryt, heldigvis, men me må vera forsiktig med korleis me gjer det. Skryt, altså.
Det viktige når me kjem med tilbakemeldingar er å applaudere innsatsen som blir gjort, for då lærer dei seg at innsats lønnar seg og står gjerne på vidare. Kunnskapen om at hjernen faktisk er ein muskel som blir betre og smartare av å trena seg opp er heller inga ulempe å ha. Den kunnskapen gjorde at ei gruppe skuleborn gjennomgåande gjorde det betre enn dei som ikkje hadde lært det. Og dei som fekk uhemma, generell skryt av typen «du er flink» gav raskast opp.
Ein god og lang artikkel som absolutt er verd å få med seg. Mange av oss finn nok oss ofte i situasjonar der dette er nyttig å veta – og, det gjeld vel ikkje berre for born, det med å få skryt?