Merkelapp-arkiv: bloggen

Det er visst ein puls der enno…

Ein post gjer ingen blogg – så no skal eg dobla talet på innlegg. No må eg innrømma at eg ikkje heilt har bestemt meg for formatet på denne bloggen – om eg skal konsentrere meg om nokre få tema eller spreia tankane mine om både det eine og det andre. Truleg vil eg nok avgrensa meg ein del, sidan eg òg har ein engelsk blogg.

Idéar har eg saktens nok av – men alt passar seg ikkje i ein blogg som dette. Og så har eg for så vidt fleire idéar enn eg har tid til å gjennomføra – men denne bloggen skal eg få til. Trass alt, litt må eg då greia å få ned av dei inntrykka eg får gjenom det eg les og opplever. Når ting ser ut til å vera i rute og eg har fått ein eller annan rutine på denne, så skal eg nok òg byrja å pinge ettellerannet.net. Nett no får eg nøya meg med ei lenke til den tenesta.

Då satsar eg på at eg frisk og opplagt vil skriva neste innlegg i bloggen ganske snart.