Merkelapp-arkiv: musikk

Piracy kills music. No

lego_pirat.pngEg har altså fått med meg at platebransjen her i landet har laga til ei kampanjeside der dei påstår at piratkopiering tek kverken på musikken. URL-en kan med litt kreativ lesing seiast å påstå det motsette, men pyttsann. Sidene er stilige dei, og informasjonen dei kjem med stemmer jo – så lenge ein tek nokre atterhald.

Etter innleiinga — eller kapittel 1 som dei kallar det — kjem tre spørsmål du kan prøva deg på, og fasiten deira:

Kva er lov?

  1. Laste ned musikk frå fildelingsnettverk (Fasit: Ulovleg)
  2. Kopiere ein CD du har kjøpt til MP3-spelaren din (Fasit: Lovleg)
  3. Dele musikken din i eit fildelingsnettverk (Fasit: Ulovleg)

Som sagt, fasiten deira stemmer, med atterhald. Atterhalda kan ramsast opp slik:

  1. Det er ikkje å laste ned musikk i seg sjølv som er ulovleg — det er å laste ned musikk der den som har rettane ikkje har gitt lov til slik deling som er ulovleg. Mesteparten av fildelinga som skjer er kanskje ulovleg, men det hindrar ikkje at det er svært mykje musikk som kan delast (og blir delt) over fildelingsnettverk heilt lovleg.
  2. Vel – dette skulle jo berre mangla. ????
  3. Igjen, her må me ta det atterhaldet at «musikken din» er musikk der det er andre som har rettane, og som ikkje tillet at musikken vert delt slik. Om dei som har rettane tillet slik deling, eller om det er du som har rettane (til din eigenproduserte musikk) så kan du sjølvsagt dela denne musikken i eit fildelingsnettverk. Det ser elles litt rart ut å sjå på trykk at platebransjen brukar uttrykket «musikken din» – elles så synest eg no dei seier at musikken ikkje er din, du har berre kjøpt retten til å høyra på …

I kapittel to fortel dei om forskjellane i studio: På 90-talet kunne plateselskapa bruka tid på artistane i studio — men det kan dei ikkje no, fordi dei tener dårlegare, som igjen skuldest at dei sel mindre musikk no. Det ligg i dette at dei meinar det er piratkopieringa som har skuld i dette. Eg berre lurar på ein liten ting her: Dersom dei brukar mindre tid på artistane i studio — vil kvaliteten verta skadelidande då? Og, vil ikkje det òg kunna vera ein grunn til mindre salg? For det er jo ikkje freistande å kjøpa noko med dårleg kvalitet…

Sjølvsagt, med tanke på framveksten av andre ting me kan bruka pengar på, utan tilsvarande vekst i pengane me kan bruka på alt dette, så vil jo salet av musikk gå nedover. Logisk nok.

Kapittel 3: Dei seier det òg er fordelar med internett. Du kan nemleg leggja ut musikken din gratis og bli kjent blant fleire (Whoa, gratis? Er det lov då?) – eller du kan kjøpa musikken der og lasta ned. Fordelane med å kjøpa slik er høg lydkvalitet, ingen fare for virus, og det er lovleg.

Igjen, det er mykje musikk å få tak i, heilt lovleg, utanfor plateselskapa (Les: Dei fire store selskapa, helst) sin kontroll. Dei nemner jo sjølv eitt døme. Faren for virus i musikkfiler, den er vel heller mikroskopisk. Eg veit ikkje om det ein gong er råd å få til eg, i spesielle tilfelle. Og lydkvaliteten, der ser eg jo at fleire fildelarar seier dei får tak i betre kvalitet utanfor (dei fleste) nettbutikkane, og at dei faktisk saknar lovlege tilbod der det er råd å lasta ned musikk i tapsfritt format.

Når det gjeld dei ulike påstandane deira, og spørsmåla/svara deira, så er det mykje der som ikkje heilt stemmer overeins med det fleire andre undersøkjingar seier, for å seia det forsiktig. RIAA og tilsvarande organisasjonar i andre land har blitt tekne i å koma med usanne opplysningar. Sony har blitt teke i å laga til skadelege rootkit, som legg PCen vid open for skadeleg programvare. Og meir med, som gjer meg skeptisk til opplysningar dei kjem med, og det har altså vist seg å vera ein sunn skepsis i fleire tilfelle. Kvifor skal eg då ta påstandane på denne nettstaden for god fisk? Eg tek i alle fall ikkje sjansen på å innstallere det programmet deira. Kven veit kva det gjer, og kva dei synest bør vera ulovleg …

Eg har forresten skrive meir om denslags i den engelskspråklege bloggen min, om nokre har interesse av det.

Har du iPod? Då er du ein tjuv!

Eg er kanskje litt vel fordømmande overfor ei bestemt gruppe i overskrifta her, så la meg ila til med å seia at det gjeld i grunnen eigarar av mp3-spelarar generelt. Tjuvar heile gjengen, er dei.

I alle fall er det slik me må forstå styreformann Doug Morris i Universal, når han seier «These devices are just repositories for stolen music, and they all know it. So it’s time to get paid for it.» Dette er uttalt i samband med at UMG får ein del av inntektene av salget av Microsoft sin Zune.

Ei vakker haldning, er det ikkje? Eller kanskje ikkje. Rettnok er det nok ein god del piratkopierte melodiar på ulike mp3-spelarar rundt om kring, men det er då jammen mykje meir enn det, òg. Inkludert kjøpt musikk frå UMG. Eg greier ikkje å sjå på utspelet som noko anna enn eit ledd i å skvisa pengar ut av andre fordi bransjen ikkje greier å tilpassa seg.

Og kva med Microsoft? Dei må vel ha vore desperate, for å ha gått med på ein slik avtale. Dei snakkar med andre store og uavhengige plateselskap omliknande avtalar — men kvar set dei grensa? Er det berre store plateselskap som skal få erstatning for sine «tap» eller skal det gjelda dei små òg?

Microsoft har rota det til her. Òg med tanke på andre produsentar av mp3-spelarar — kjem platebransjen (det er vel helst stort sett dei få store, multinasjonale?) til å kreva ein del av kaka deira òg? Får i så fall håpa dei står i mot slike tullekrav.

Windows Media Player 11 er ute…

…men er det ønskeleg å oppgradere?

VG skriv i dag altså at Windows Media Player 11 er ute og kan lastast ned, så sant du har gyldig Windowslisens. Det er ikkje så mange forbetringar, skriv VG – det er helst snakk om tettare integrering med MTV, noko som gir tilgang til 2 millionar melodiar, betre kompatibilitet med fleire mp3-spelarar, baklengs synkronisering og identifisering av melodiar. Sistnemnde skjer ved å analysere fila og samanlikne med eit stort arkiv, og få opplysningar om melodien på den måten.

Det høyrest då ikkje så gale ut? Og, det er ingenting i det VG skriv som tilseier at ein ikkje skulle oppgradere, men eg kjem til å tenkja på ein annan artikkel eg leste i september. The Inquirer skreiv då i artikkelen Microsoft Media Player shreds your rights om korleis DRM er implementert i programmet. Det er ikkje særleg lystig lesing.

Kjøper du musikk med DRM, så kunne du med WMP10 ta sikkerhetskopi av lisensen. Det går ikkje lengre, med WMP11, så om det skulle skje noko med musikkbiblioteket ditt så er det tapt. Om du rippar dine eigne CD-ar, pass på at du ikkje merkast av for at dei skal kopibeskyttast. Om du gjer det, så kan du få retten til å spela av musikken din ved å spela av fila – du vil bli bedt om å kopla deg opp mot ei side som forklarer korleis du kan gjenoppretta denne retten eit begrensa antal gongar.

Eg synest ikkje denne oppdateringa høyrest særleg interessant ut, eg. Sjølv om eg held meg langt unna musikk med DRM.

Har det på hjernen

Enkelte melodiar har du på hjernen heile dagen – og har store problem med å bli kvitt. Ein liten melodi av ein finsk kvartett, Loituma, ser ut til å vera bra populær rundtom på nettet i ulike versjonar – her ein anime versjon av «Levas Polka». Kor lenge kan du høyra på før du nynnar med sjølv?