Etter å ha lese artikkelen i Dagbladet om at FrP søker om stønad til valgkampen sin frå LO, så byrja tankane mine å surra litt. Informasjonssjefen Øyvind T. Hansen i LO meinar FrP neppe kan rekna med å få denne støtta, og det blir vel ikkje den heilt store overraskinga om han får rett i det. Men så var det tankane mine då, som byrja å surra litt rundt om litt andre ting.
Mange FrP-velgjarar er organisert i LO, meir eller mindre frivilleg. (Eg fekk sjølv beskjeden på ein arbeidsplass at «her er me organisert i LO!» – var der berre eit par veker, dog.) No kjenner eg ikkje så mykje til LO, men det skulle vel ikkje vera umogeleg at ein del av desse skulle kunna velgjast inn som tillitsvalde i organisasjonen? Det vert jo sagt at 25% av LO-organiserte stemmer FrP — og kor mange stemmer noko anna borgerleg? Nye 25%?
Uansett, dersom det ikkje står noko i forskriftene til LO om «å ha partiboka i orden,» så skulle det vera teoretisk mogeleg for organiserte som stemmer FrP eller anna borgerleg parti å bli tillitsvalde. Til og med på høgt nivå. Kanskje til og med som leiar for heile LO?
Hmmm – korleis hadde det vore? Ville leiaren i LO stadig hatt same rolle å spela i Ap som i dag, på grunn av rolla som LO-leiar, dersom vedkommande hadde vore FrP-velgjar?