Det eg spesifikt lurer på er kommentarane med vilkår — «conditional comments» som det heiter på framandlandsk. Eg har jo sett fleire stadar at dette kunne vera lurt å bruka om eg vil laga spesifikke reglar for IE, for bestemte eller alle versjonar. Kanskje mest for å sjå korleis det fungerte, så laga eg til ein liten regel for å skjula månen på framsida til nettstaden min for IE versjonar mindre enn 7. Versjon 7 skulle jo greia å takla position:fixed
, så den kunne få sjå. Og det fungerte – eg såg ikkje månen i IE6, som var den siste versjonen på det tidspunktet.
Så kom tidspunktet då IE7 kom ut av beta. Det tok stadig ei god stund før eg innstallerte den versjonen — eg gjorde det ikkje før no i januar. Og klart eg måtte testa koleis den nettlesaren greidde seg i konkurransen med dei moderne, oppdaterte nettlesarane. Ting såg fine ut dei, heilt til… Eg besøkte ei side på Microsoft sin nettstad, der dei forklarte korleis desse kommentarane med vilkår fungerte, og viste med eit døme. Dømet forvirra meg, for det fungerte ikkje slik som det skulle.
Eg sjekka vidare på mine sider. Menyen var (og er) fullstendig på viddene i IE7. Greit nok — det kan eg fiksa. Men månen? Den var stadig skjult. Kva skjer? Presenterer IE7 seg som IE5? Fungerer ikkje desse kommentarane i IE7, eller er det min innstallasjon som er kaputt? Eg spurte ei venninne, men ho har same problem, så då er det i alle fall ikkje berre min innstallasjon.
Så eg lurar: Er det fleire som har opplevd det problemet med IE7?
PS. For dei som kikkar i kjeldekoden min: Eg slo av dei kommentarane eg, så no visest det i IE7 som det skal. Og tidlegare versjonar bør få eit mindre fint bilete heilt nederst på sida.