Manhattan

Dagen me verkeleg skulle tilbringa tid på Manhattan...

...så regna det. Her er eg i Central Park - me måtte jo sjå oss omkring likevel.

Men me måtte også ha ein kikk på dei velkjende bygningane og slikt, slik som...

...FN-bygningen. Uheldigvis hadde president Clinton bestemt seg for å vera på innsida av den bygningen samme dag...

...så politiet var der og hindra tilgang...

Ein annan ting me vanlegvis ville gjera, var å besøke dei høge bygningane for å få fin oversikt over byen, men i dette vêret ville me ikkje sjå anna enn skyer. Men det var ikkje så gale, eg hadde jo fått sett ein del likevel, om enn mesteparten frå bil (som i Orlando,) eg møtte ein slektning, og hadde det hyggeleg.

I dette vêret greidde eg å gjenta ei anna oppleving frå Orlando: Eg vart gjennomvåt!

Den kvelden var eg med Sarah og ungane. Dessverre tok eg ingen bilete då. Dagen etter, så var eg på veg...

...til Toronto ->