Her i Toronto budde eg på hotell heile tida. Eg hadde eit håp om at eg skulle få besøka ein venn, men uheldigvis gjekk ikkje dette; Eg måtte tilbringa tida mi her åleine. Men likevel, eg hadde ei fin tid her også, og brukte tid i museum, galleri, butikkar...

...det berømte CN-tårnet - verdas høgaste bygning.

Det hadde eit glasgolv...

...der me kunne stå og sjå hundrevis av meter rett ned!

Me kunne også sjå ned på Sky Dome, med tak som kan opnast, og stor stadion på innsida. (Eg besøkte bygningen, og då gjorde dei klart til baseballkamp seinare på dagen.)

Sjølvsagt så var det også ein storslått utsikt over byen!
Men eg brukte ikkje all tida mi i Toronto.