Vel, etter dagen i Busch Gardens, så var nyhetene om orkanen Floyd ikkje dei beste. Me bestemte oss for å forlata hotellet og reisa heim, sjølv om det var seint og me var trøytte. I tillegg så stengte fornøyelsesparkane - Universal Studios som var den neste på dagsordenen vår, og til og med Disney World stenge for første gang i historien pga ein orkan!
Så for me då, for å evakuera og vera med familie. Og når me såg traffikken, så gjoerde mesteparten av dei andre det same - om enn i motsett retning...
Eg har ingen bilete frå den perioden, og orkanen bomma på oss, så eg har ingen bilete frå noko katastrofeområde heller. Ikkje det at eg klagar...
Men dagane i den perioden står ikkje heilt klart for meg, når eg prøver å tenka etter kva me gjorde kva dag. Men det gjer ikkje noko, me reiste tilbake til Orlando, rusla rundt i butikkar, handla litt og elles slappa av og hadde det godt.
Me hadde eit godt måltid på ein Hooters restaurant, der me vart oppvarta av ei hyggeleg servitrise...
...før me tok eit slag minigolf :-)