Neste dag var me i Sea World. Som namnet kan tyda på, så var det litt vatn her...
...og der det er vatn, er det delfinar. Vel, i det minste var det det her :-)
Men hovudattraksjonen må vera spekkhoggarane:
Dei er store! Denne var langt i frå den største.
Menneske og kval i lag, der dei utfører stunts...
...før dei hamnar i vatnet igjen. Det var eit storarta show, og me vart gjennomvåte! Me skulle jo ha det gøy, ikkje sant?
Me hadde ein liten pause igjen, og let sola tørka oss litt før me gjekk inn, for å hygga oss...
...med dei utrulege...
...Flight of the Condor.
Og kva kan vera betre enn å få eit bilete av meg sjølv i lag med nokre av dei?
(Vel, kanskje ein signert CD med musikken frå showet deira?)
Vel, me gjekk ut att i sola. Me ville også komma oss enno litt nnærare sola...
...opp der!