Ferie i USA & Canada

11. - 27. september, 1999

Byrjinga

Etter 18 timars reise før eg hamna i Orlando, var eg ganske trøytt. Eg hadde planlagt å ta eit bilete av Robin der ho skulle møta meg på flyplassen, men gjorde eg det? Å nei, det gjorde eg ikkje. Eg la ikkje ein gong merke til ho til å byrja med, før eg høyrde nokre bjeller klinga... (Dette er nok eit passande tidspunkt å fortelja at ho skulle møta meg - med bjeller på! Noko ho gjorde :-)

Uansett, det bar inn i bilen, køyra heim til Robin (med meg daudtrøytt) og rett i seng etter den vesle turen, tru det eller ei. Så, dagen etter, skulle me ta det med ro så eg fekk til til å komma meg til hektene igjen.

Det er mørkt, men der er eg, ved den store...

...store innsjøen Okeechoobee...

...i lag med Robin og Kristy.

Den kvelden køyrde me til Orlando, der me var innom Universal Studios og rusla rundt i City Walk. Eg har ikkje bilete frå alt, men me besøkte i det minste...

...Nascar Cafe, der eit par bilar hang i taket (og starta motorane med røyk kvar halvtime.) Resten av kafeen var pynta med bilete av nascar-sjåførar, draktene deira og mykje meir. Ville du ha noko å drikka? Du bestilte ikkje drikke, men brennstoff - og tilsvarande med maten. ALT var inspirert av nascar-miljøet!

Det vart seint før me var ferdige ulike stadar i City Walk, sjølv om me berre hadde sett på ein brøkdel av det som var tilgjengeleg i Universal Studios, men me skulle no tilbake her og bruka ein heil dag.

Neste dag ->