{"id":48,"date":"2007-05-27T01:32:13","date_gmt":"2007-05-27T00:32:13","guid":{"rendered":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/2007\/05\/seri%c3%b8s-litteratur\/"},"modified":"2022-09-30T23:20:02","modified_gmt":"2022-09-30T21:20:02","slug":"seri%c3%b8s-litteratur","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/2007\/05\/seri%c3%b8s-litteratur\/","title":{"rendered":"Seri\u00f8s litteratur"},"content":{"rendered":"\n<p>Eg har eit problem eg, med seri\u00f8s litteratur. Eller kanskje det var h\u00f8gverdig litteratur, eller &laquo;den eigentlege&raquo; litteraturen? Alle desse har blitt brukt om denne bestemte litteraturen i alle fall, og mange veit kanskje godt kva det er eg snakkar om. Om det er tilfelle, s\u00e5 vil eg gjerne f\u00e5 svar p\u00e5 eit sp\u00f8rsm\u00e5l: Kva <strong>er<\/strong> det eigentleg for slags litteratur?<\/p>\n\n\n\n<p>No har eg f\u00e5tt med meg at det i alle fall ikkje er krim. Heile denne genren er avskriven som <a href=\"http:\/\/www.aftenposten.no\/meninger\/kronikker\/article1799426.ece\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">\u00f8ydeleggjande for seri\u00f8s litteratur<\/a>, i f\u00f8lgje Grande. Men, er seri\u00f8s litteratur ein eigen genre, eller er det andre ting me kan kjenna att seri\u00f8s litteratur p\u00e5? N\u00e5r eg pr\u00f8ver \u00e5 tenkja tilbake p\u00e5 tidlegare debattar, s\u00e5 er det i alle fall ein del ting som g\u00e5r att:<\/p>\n\n\n\n<p>Romantikk. B\u00f8kene innanfor denne genren kan visstnok knapt kallast litteratur. Eg har ikkje lest s\u00e5 mykje av dette eg, s\u00e5 eg skal ikkje uttala meg om denne genren.<\/p>\n\n\n\n<p>Kiosklitteratur er \u00f2g noko negativt. No veit eg at det her ikkje er snakk om ein eigen genre, sidan eg finn b\u00e5de krim og romantikk i kioskar, og meir til. P\u00e5 den andre sida, eg har \u00f2g kj\u00f8pt klassikarar som Shakespeare, Homer og Jerome K. Jerome i kioskar, og eg har ikkje inntrykk av at dette er noko som vert sett ned p\u00e5. Er kiosklitteratur ein eigen genre likevel, ein som vert seld side om side ved krim, romantikk, spenning og klassiske verk? Hmmm &#8211; det vart vanskeleg dette. Kanskje noko eg burde finna ut av seinare?<\/p>\n\n\n\n<p>Fantasy og science fiction er to genrar som har to ting til felles: Det er fantastisk litteratur, og begge vert ignorert av talsmenn for seri\u00f8s litteratur. Eller &#8212; vent no litt! Den boka av Shakespeare eg kj\u00f8pte i kiosken, det var jo faktisk ei fantasy-forteljing det. Eit popul\u00e6rt og prisa stykke, n\u00e5r eg tenkjer meg om: Ein midtsommarnatts draum. Og v\u00e5r eigen Henrik Ibsen heldt heller ikkje fingrane vekke fr\u00e5 fantasy-genren &#8212; og det er ei like prisa og popul\u00e6r teateroppsetjing verda over: Peer Gynt.<\/p>\n\n\n\n<p>Men, det er eit hjartesukk eg kom over tidlegare i \u00e5r, om at det er ein god del fantasy og science fiction som vert kalla ved andre namn, kun fordi forlaga d\u00e5 kunne selja meir, fordi det d\u00e5 finst ein marknad. Hmmm, det h\u00f8yrest kjent ut. Kva var det Grande skreiv? <q>En flokk seri\u00f8se forfattere har gitt opp sine seri\u00f8se pretensjoner og begynt fl\u00f8rten [med krim]. Da har man jo et marked som forfatter.<\/q> Kunne nesten tru at det er SF og fantasy som er seri\u00f8s litteratur d\u00e5, om det er slik at manglande marknad skal vera eit kriterium for seri\u00f8s litteratur. Hadde det berre ikkje vore for den ignoransen og det som verre er som talsmenn for den seri\u00f8se litteraturen viser for nettopp desse to genrane. Men som me ser over, med visse unntak.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image\"><img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/wp-content\/uploads\/bok.png\" alt=\"\"\/><\/figure>\n\n\n\n<p>Eg er i alle fall eit lite stykke vidare her: Seri\u00f8s litteratur kan ikkje vera ein eigen genre. Enkelte vil kanskje &laquo;omd\u00f8ypa&raquo; b\u00f8ker som ikkje passar inn i det biletet dei har av kva seri\u00f8s litteratur er for \u00e5 skapa eit inntrykk av det, det veit eg ikkje enno. For lite informasjon tilgjengeleg s\u00e5 langt.<\/p>\n\n\n\n<p>Kjem eg noko vidare i funderingane kring kva type skj\u00f8nnlitteratur denne seri\u00f8se litteraturen er d\u00e5? I f\u00f8lgje Grande s\u00e5 skal seri\u00f8s litteratur i alle fall ha mangfald, og djupne. Refleksjonar, metaforar og s\u00e5 vidare, orda har ein eigenverdi som skal nytast, kunna tenkjast over. Seri\u00f8s litteratur vil kanskje vera fornyande og bryta grenser. Dette er kvalitetar krimlitteraturen ikkje har, skriv han. Rett nok tek andre til <a href=\"http:\/\/www.aftenposten.no\/kul_und\/litteratur\/article1801660.ece\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">motm\u00e6le<\/a> mot denne <a href=\"http:\/\/www.aftenposten.no\/meninger\/kronikker\/article1805849.ece\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">generaliseringa<\/a>, men han er uansett ikkje den einaste som sorterer krim (i lag med fantasy, sf, action, gr\u00f8ssar, &#8230;) vekk fr\u00e5 seri\u00f8s litteratur. Og sj\u00f8lv om dei som tek til motm\u00e6le her er ueinige med Grande om korleis krim er, s\u00e5 er eg ikkje s\u00e5 sikker p\u00e5 om dei er ueinige med han i at krim ikkje er seri\u00f8s litteratur.<\/p>\n\n\n\n<p>Uansett, n\u00e5r eg g\u00e5r gjennom det Grande skriv, s\u00e5 stoppar det opp for meg. Eg greier ikkje \u00e5 avgrensa seri\u00f8s litteratur til noko som ikkje inneheld litteratur diverse talsmenn for den seri\u00f8se litteraturen ikkje vil avvisa som ikkje tilh\u00f8yrande den seri\u00f8se litteraturen. (Hmmm, fekk eg det rett, tru?) Det <strong>m\u00e5<\/strong> vera nokre kriterium eg ikkje kjenner til, som kjenneteiknar seri\u00f8s litteratur\u00c2\u00b9 &#8212; men kva?<\/p>\n\n\n\n<p>Nei, for min eigen del s\u00e5 greier eg meg godt med <strong>god<\/strong> litteratur og litteratur som <strong>gir meg eit utbytte<\/strong> av \u00e5 lesa det, uansett om det er seri\u00f8s litteratur eller noko anna. Eg f\u00e5r tr\u00f8ysta meg med <a href=\"http:\/\/en.wikipedia.org\/wiki\/Sturgeons_law\" target=\"_blank\" rel=\"noopener\">Sturgeons lov<\/a>: <span class=\"lesinfo\" title=\"Fordi 90% av ALL litteratur er s\u00f8ppel.\">Sidan 90% av all seri\u00f8s litteratur er s\u00f8ppel<\/span>, er det betre \u00e5 lesa noko eg vil lika, i staden for \u00e5 ta sjansen p\u00e5 noko kun fordi det er <span class=\"lesinfo\" title=\"Kva det no enn er...\">seri\u00f8s litteratur<\/span>.<\/p>\n\n\n\n<hr class=\"wp-block-separator has-alpha-channel-opacity\"\/>\n\n\n\n<p>\u00b9 Eg m\u00e5 berre la vera \u00e5 tru at definisjonen er: &laquo;Seri\u00f8s litteratur er litteratur eg likar, og eg likar ikkje krim, fantasy, sf, &#8230; &laquo;<br \/>Diverre kan denne tanken lett gjera seg gjeldande av og til, n\u00e5r eg h\u00f8yrer p\u00e5 enkelte.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg har eit problem eg, med seri\u00f8s litteratur. Eller kanskje det var h\u00f8gverdig litteratur, eller &laquo;den eigentlege&raquo; litteraturen? Alle desse har blitt brukt om denne bestemte litteraturen i alle fall, og mange veit kanskje godt kva det er eg snakkar om. Om det er tilfelle, s\u00e5 vil eg gjerne f\u00e5 svar p\u00e5 eit sp\u00f8rsm\u00e5l: Kva [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":"","jetpack_publicize_message":"","jetpack_publicize_feature_enabled":true,"jetpack_social_post_already_shared":false,"jetpack_social_options":{"image_generator_settings":{"template":"highway","default_image_id":0,"font":"","enabled":false},"version":2}},"categories":[2],"tags":[27,25,26,79,28],"class_list":["post-48","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-litteratur","tag-frustrasjon","tag-genre","tag-haldningar","tag-litteratur","tag-snobberi"],"jetpack_publicize_connections":[],"jetpack_featured_media_url":"","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/48","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=48"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/48\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":172,"href":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/48\/revisions\/172"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=48"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=48"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dionaea.com\/blogg\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=48"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}