Merkelapp-arkiv: Reklame

Reklamesnutten: Brilleland

Brilleland har jo ein sånn periode no igjen, med aldersrabatt på brillene. Altså, at du får like mange prosent rabatt som kor gammal du er. ein 22-åring får altså 22% rabatt på brillene – men eg lurar litt på éin ting. Kanskje ein smule teoretisk situasjon, men likevel: Dersom ein 110-åring kjøper briller, får han då utbetalt 10% av prisen på brillene i tillegg til brillene, eller må han/ho nøya seg med å få dei gratis?

«Trives du på jobben da, Henrik?»

Jada, det er ein reklamesnutt igjen. Mannen som sit i eit hyggeleg selskap og tygg og tygg og tygg maten — og kan ikkje svara på spørsmålet om han trivest på jobben. Han har lært seg gode manerar skjønnar me, og vil ikkje snakka med mat i munnen. Til slutt er han den einaste som sit igjen ved bordet, og tygg og tygg og tygg mens det blir dekka av og rydda vekk. (Hmmm – kvar er manerane til dei andre? Ein ryddar då ikkje av bordet før alle er ferdige med å eta?)

Reklamen er sjølvsagt for ein kjent kjøtprodusent, som vil fortelja oss at deira kjøt er mørt og fint. Men – det skurrar litt der… Dersom problemet er at kjøtet ikkje er mørt, korleis kan det ha seg at det kun er Henrik som ikkje greier å tyggja det?

Kanskje dei heller skulle brukt filmen som reklame for, tja, gebiss?

Aliens føretrekk Firefox

I følgje fleire svært så pålitelege kjelder, så er dei ulike kornsirklane prov på at aliens finst, fordi mange av dei er for kompliserte til at menneske skulle greia Ã¥ laga dei finurlege geometriske mønstra på så kort tid som dei har oppstått. Dette igjen må då logisk sett bety at aliens føretrekk Firefox.

(Dei har nok sikkert ikkje oppdaga Opera enno, elles så er logoen for enkel for dei til å bry seg med… ????)

Reklamesnutten: Finn dott enno

Finn.no har i lengre tid vist reklamefilmar som viser at me kan selja brukte ting ved å bruka tenestene deira. Men – kva tenester det eigentleg dei reklamerer for?

Me kan selja kva som helst, ja – men i reklamefilmane har det jo heile tida vore andre sine ting som har blitt selt. Det skulle då ikkje vera slik at finn.no glorifiserer – heleri?

Reklamesnutten: Nye briller?

Situasjonen er som følgjer: Ein mann i toppen av ein bakke misser bowlingkula i det han skal leggja ho inn i bagasjerommet. Kula trillar sjølvsagt nedover, mannen spring litt etter, men det går for fort. Nede i bakken står ein annan person. Mannen med kula ropar og denne personen vert gjort merksam på bowlingkula som rullar nedover – tungt og ikkje akkurat lydlaust.

Personen nede i bakken myser oppover mot kula som kjem rullande nedover – og gjer seg klar til å stoppa ho når ho kjem ned. Eller rettare – å senda ho oppover igjen med eit velretta spark, som om det var ein fotball. Poenget er altså at denne personen treng briller, sidan han ikkje såg at det var ei bowlingkule, og ikkje ein ball.

Hallo? Denne personen burde i større grad ha bruk for eit høyreapparat! Det var lett å høyra at det slett ikkje var nokon ball som kom nedover, men noko tungt. Så sant ein ikkje var utan høyreapparat då, når ein har bruk for det.