Raske funderingar rundt LO03.21.07

Etter å ha lese artikkelen i Dagbladet om at FrP søker om stønad til valgkampen sin frå LO, så byrja tankane mine å surra litt. Informasjonssjefen Øyvind T. Hansen i LO meinar FrP neppe kan rekna med å få denne støtta, og det blir vel ikkje den heilt store overraskinga om han får rett i det. Men så var det tankane mine då, som byrja å surra litt rundt om litt andre ting.

Mange FrP-velgjarar er organisert i LO, meir eller mindre frivilleg. (Eg fekk sjølv beskjeden på ein arbeidsplass at «her er me organisert i LO!» - var der berre eit par veker, dog.) No kjenner eg ikkje så mykje til LO, men det skulle vel ikkje vera umogeleg at ein del av desse skulle kunna velgjast inn som tillitsvalde i organisasjonen? Det vert jo sagt at 25% av LO-organiserte stemmer FrP — og kor mange stemmer noko anna borgerleg? Nye 25%?

Uansett, dersom det ikkje står noko i forskriftene til LO om «å ha partiboka i orden,» så skulle det vera teoretisk mogeleg for organiserte som stemmer FrP eller anna borgerleg parti å bli tillitsvalde. Til og med på høgt nivå. Kanskje til og med som leiar for heile LO?

Hmmm - korleis hadde det vore? Ville leiaren i LO stadig hatt same rolle å spela i Ap som i dag, på grunn av rolla som LO-leiar, dersom vedkommande hadde vore FrP-velgjar?

Posted in Tanken er friwith No Comments →

Farleg å skryte av borna?03.11.07

SkulebornEg har ikkje born sjølv, men eg har i alle fall ofte høyrt kor viktig det er å skryte av borna, for å gi dei inspirasjon og stå-på-vilje. Men — er det slik det fungerer, eller kan skryt ha motsett verknad, dvs. får borna til å gi opp fortare?

No er eg nett ferdig med å lesa ein interessant artikkel, «How Not to Talk to Your Kids» som viser korleis skryt faktisk gjer ting verre. Ikkje all skryt, heldigvis, men me må vera forsiktig med korleis me gjer det. Skryt, altså.

Det viktige når me kjem med tilbakemeldingar er å applaudere innsatsen som blir gjort, for då lærer dei seg at innsats lønnar seg og står gjerne på vidare. Kunnskapen om at hjernen faktisk er ein muskel som blir betre og smartare av å trena seg opp er heller inga ulempe å ha. Den kunnskapen gjorde at ei gruppe skuleborn gjennomgåande gjorde det betre enn dei som ikkje hadde lært det. Og dei som fekk uhemma, generell skryt av typen «du er flink» gav raskast opp.

Ein god og lang artikkel som absolutt er verd å få med seg. Mange av oss finn nok oss ofte i situasjonar der dette er nyttig å veta - og, det gjeld vel ikkje berre for born, det med å få skryt?

Posted in Tanken er friwith 1 Comment →

Bom fast i Access03.04.07

Kva gjer du når du står fast i Access, med eit problem du ikkje finn ut av? Du spør ein som har arbeidd meir med programmet om hjelp, sidan han sikkert kan meir enn deg. Om ikkje han veit, så spør du ein som kan enno meir — men når ein som underviser i Access står like fast, kva gjer du då? Eg for min del brukar bloggen min, eg. Er eg heldig, så er det nokre der ute som les dette, er i stand til å hjelpa, og tek seg tid til å gjera det.

Me brukar ein database på arbeid der det blir generert diverse id-nummer ved hjelp av spørjingar og utrekningar. Det har fungert fint, men så vart visst nummer-delen for stor. Lat meg forklara i detalj.

Me har ein tabell (resultat av ei spørjing) der ei kolonne (ID) består av stort sett to bokstavar og så eit nummer. Me er interessert i dei som byrjar med WB/wb, og trekka nummeret ut av dei:

Nr:CLng(Mid([id];3;5))

Deretter så skal det største nummeret finnast:

DMax("Nr";"MaxWB")

Og dette har fungert fint — men femsifra nummer har blitt for lite no. Første forsøk på å gjera noko med problemet var å endre til seks siffer, noko som førte til eit ørlite problem: Det gav feilmelding. Eller i situasjonen der det vart brukt, teksten «#Feil» i staden for ein ID. Eg fekk problemet lagt opp i hendene mine, laga til ein liten testdatabase med kun det eg trengte, sånn at eg ikkje skulle vera redd for å tulla for mykje med reelle data. Litt vidare kom eg, då eg fekk ei feilmelding ut av det: Ikke samsvar mellom data i vilkårsuttrykk.

Feilmelding i Access

Med 5 siffer er det ingen problem (bortsett frå at resultatet er unyttig no) men med 6 siffer eller over, då kjem feilmeldinga. Så vidt eg kan forstå, så skulle spørjinga CLng(Mid([id];3)) vera heilt korrekt. Men teori og praksis stemmer ikkje heilt overeins, altså. Torsdag viste eg problemet til ein instruktør i Access, men han stod like fast som meg. Noko han ikkje likte særleg godt…

Muleg han finn svaret, og han skulle seia i frå kva han kom fram til, men dersom det er fleire som vil prøva seg (please?) så last ned testdatabasen her. (1,8 MB.) Det er forresten norsk Access 2003 som blir brukt, om det skulle ha noko å seia.

Posted in Data'nwith 3 Comments →

The Structure of Man02.21.07

Er du interessert i å teikna eller mala? Lyst å læra (meir) om anatomi, slik at du får det rett i den kreative prosessen? Då greier eg ikkje halda følgjande for meg sjølv: Om «The Structure of Man» seier dei «Acclaimed Anatomy Training Course used by Leading Entertainment Companies from around the World.»

Det er eit kurs som vert seld på 5 DVD-ar, men i tillegg så har dei lagt videoane ut på YouTube — og det er mange av dei. Eg har nett oppdaga denne skattkista sjølv, så erfaringar med desse har eg ikkje, bortsett frå at det ser fint ut det som er der. Men kvifor venta på erfaringar? Eg fann ingen grunn til å venta med å dela The Structure of Man med dykk.

Så, då skal ikkje eg halda på merksemda meir. Slepp kreativiteten laus! :D

Posted in Grafikkwith No Comments →

Piracy kills music. No02.11.07

lego_pirat.pngEg har altså fått med meg at platebransjen her i landet har laga til ei kampanjeside der dei påstår at piratkopiering tek kverken på musikken. URL-en kan med litt kreativ lesing seiast å påstå det motsette, men pyttsann. Sidene er stilige dei, og informasjonen dei kjem med stemmer jo — så lenge ein tek nokre atterhald.

Etter innleiinga — eller kapittel 1 som dei kallar det — kjem tre spørsmål du kan prøva deg på, og fasiten deira:

Kva er lov?

  1. Laste ned musikk frå fildelingsnettverk (Fasit: Ulovleg)
  2. Kopiere ein CD du har kjøpt til MP3-spelaren din (Fasit: Lovleg)
  3. Dele musikken din i eit fildelingsnevverk (Fasit: Ulovleg)

Som sagt, fasiten deira stemmer, med atterhald. Atterhalda kan ramsast opp slik:

  1. Det er ikkje å laste ned musikk i seg sjølv som er ulovleg — det er å laste ned musikk der den som har rettane ikkje har gitt lov til slik deling som er ulovleg. Mesteparten av fildelinga som skjer er kanskje ulovleg, men det hindrar ikkje at det er svært mykje musikk som kan delast (og blir delt) over fildelingsnettverk heilt lovleg.
  2. Vel - dette skulle jo berre mangla. ;)
  3. Igjen, her må me ta det atterhaldet at «musikken din» er musikk der det er andre som har rettane, og som ikkje tillet at musikken vert delt slik. Om dei som har rettane tillet slik deling, eller om det er du som har rettane (til din eigenproduserte musikk) så kan du sjølvsagt dela denne musikken i eit fildelingsnettverk. Det ser elles litt rart ut å sjå på trykk at platebransjen brukar uttrykket «musikken din» — elles så synest eg no dei seier at musikken ikkje er din, du har berre kjøpt retten til å høyra på…

I kapittel to fortel dei om forskjellane i studio: På 90-talet kunne plateselskapa bruka tid på artistane i studio — men det kan dei ikkje no, fordi dei tener dårlegare, som igjen skuldest at dei sel mindre musikk no. Det ligg i dette at dei meinar det er piratkopieringa som har skuld i dette. Eg berre lurar på ein liten ting her: Dersom dei brukar mindre tid på artistane i studio — vil kvaliteten verta skadelidande då? Og, vil ikkje det òg kunna vera ein grunn til mindre salg? For det er jo ikkje freistande å kjøpa noko med dårleg kvalitet…

Sjølvsagt, med tanke på framveksten av andre ting me kan bruka pengar på, utan tilsvarande vekst i pengane me kan bruka på alt dette, så vil jo salet av musikk gå nedover. Logisk nok.

Kapittel 3: Dei seier det òg er fordelar med internett. Du kan nemleg leggja ut musikken din gratis og bli kjent blant fleire (Whoa, gratis? Er det lov då?) — eller du kan kjøpa musikken der og lasta ned. Fordelane med å kjøpa slik er høg lydkvalitet, ingen fare for virus, og det er lovleg.

Igjen, det er mykje musikk å få tak i, heilt lovleg, utanfor plateselskapa (Les: Dei fire store selskapa, helst) sin kontroll. Dei nemner jo sjølv eitt døme. Faren for virus i musikkfiler, den er vel heller mikroskopisk. Eg veit ikkje om det ein gong er råd å få til eg, i spesielle tilfelle. Og lydkvaliteten, der ser eg jo at fleire fildelarar seier dei får tak i betre kvalitet utanfor (dei fleste) nettbutikkane, og at dei faktisk saknar lovlege tilbod der det er råd å lasta ned musikk i tapsfritt format.

Når det gjeld dei ulike påstandane deira, og spørsmåla/svara deira, så er det mykje der som ikkje heilt stemmer overeins med det fleire andre undersøkjingar seier, for å seia det forsiktig. RIAA og tilsvarande organisasjonar i andre land har blitt tekne i å koma med usanne opplysningar. Sony har blitt teke i å laga til skadelege rootkit, som legg PCen vid open for skadeleg programvare. Og meir med, som gjer meg skeptisk til opplysningar dei kjem med, og det har altså vist seg å vera ein sunn skepsis i fleire tilfelle. Kvifor skal eg då ta påstandane på denne nettstaden for god fisk? Eg tek i alle fall ikkje sjansen på å innstallere det programmet deira. Kven veit kva det gjer, og kva dei synest bør vera ulovleg…

Eg har forresten skrive meir om denslags i den engelskspråklege bloggen min, om nokre har interesse av det.

Posted in Tanken er friwith 1 Comment →

Har IE7 problem med IE-spesifikke ting?02.10.07

Det eg spesifikt lurer på er kommentarane med vilkår — «conditional comments» som det heiter på framandlandsk. Eg har jo sett fleire stadar at dette kunne vera lurt å bruka om eg vil laga spesifikke reglar for IE, for bestemte eller alle versjonar. Kanskje mest for å sjå korleis det fungerte, så laga eg til ein liten regel for å skjula månen på framsida til nettstaden min for IE versjonar mindre enn 7. Versjon 7 skulle jo greia å takla position:fixed, så den kunne få sjå. Og det fungerte - eg såg ikkje månen i IE6, som var den siste versjonen på det tidspunktet.

Så kom tidspunktet då IE7 kom ut av beta. Det tok stadig ei god stund før eg innstallerte den versjonen — eg gjorde det ikkje før no i januar. Og klart eg måtte testa koleis den nettlesaren greidde seg i konkurransen med dei moderne, oppdaterte nettlesarane. Ting såg fine ut dei, heilt til… Eg besøkte ei side på Microsoft sin nettstad, der dei forklarte korleis desse kommentarane med vilkår fungerte, og viste med eit døme. Dømet forvirra meg, for det fungerte ikkje slik som det skulle.

Eg sjekka vidare på mine sider. Menyen var (og er) fullstendig på videne i IE7. Greit nok — det kan eg fiksa. Men månen? Den var stadig skjult. Kva skjer? Presenterer IE7 seg som IE5? Fungerer ikkje desse kommentarane i IE7, eller er det min innstallasjon som er kaputt? Eg spurte ei venninne, men ho har same problem, så då er det i alle fall ikkje berre min innstallasjon.

Så eg lurar: Er det fleire som har opplevd det problemet med IE7?

PS. For dei som kikkar i kjeldekoden min: Eg slo av dei kommentarane eg, så no visest det i IE7 som det skal. Og tidlegare versjonar bør få eit mindre fint bilete heilt nederst på sida.

Posted in Data'nwith No Comments →

«Trives du på jobben da, Henrik?»12.17.06

Jada, det er ein reklamesnutt igjen. Mannen som sit i eit hyggeleg selskap og tygg og tygg og tygg maten — og kan ikkje svara på spørsmålet om han trivest på jobben. Han har lært seg gode manerar skjønnar me, og vil ikkje snakka med mat i munnen. Til slutt er han den einaste som sit igjen ved bordet, og tygg og tygg og tygg mens det blir dekka av og rydda vekk. (Hmmm - kvar er manerane til dei andre? Ein ryddar då ikkje av bordet før alle er ferdige med å eta?)

Reklamen er sjølvsagt for ein kjent kjøtprodusent, som vil fortelja oss at deira kjøt er mørt og fint. Men - det skurrar litt der… Dersom problemet er at kjøtet ikkje er mørt, korleis kan det ha seg at det kun er Henrik som ikkje greier å tyggja det?

Kanskje dei heller skulle brukt filmen som reklame for, tja, gebiss?

Posted in Reklamewith 1 Comment →

Julekalender12.01.06

Så er julekalenderen her igjen, i år som i fjor.

Eg berre nemner det…

Posted in Tanken er friwith No Comments →

Har du iPod? Då er du ein tjuv!11.13.06

Eg er kanskje litt vel fordømmande overfor ei bestemt gruppe i overskrifta her, så la meg ila til med å seia at det gjeld i grunnen eigarar av mp3-spelarar generelt. Tjuvar heile gjengen, er dei.

I alle fall er det slik me må forstå styreformann Doug Morris i Universal, når han seier «These devices are just repositories for stolen music, and they all know it. So it’s time to get paid for it.» Dette er uttalt i samband med at UMG får ein del av inntektene av salget av Microsoft sin Zune.

Ei vakker haldning, er det ikkje? Eller kanskje ikkje. Rettnok er det nok ein god del piratkopierte melodiar på ulike mp3-spelarar rund om kring, men det er då jammen mykje meir enn det, òg. Inkludert kjøpt musikk frå UMG. Eg greier ikkje å sjå på utspelet som noko anna enn eit ledd i å skvisa pengar ut av andre fordi bransjen ikkje greier å tilpassa seg.

Og kva med Microsoft? Dei må vel ha vore desperate, for å ha gått med på ein slik avtale. Dei snakkar med andre store og uavhengige plateselskap omliknande avtalar — men kvar set dei grensa? Er det berre store plateselskap som skal få erstatning for sine «tap» eller skal det gjelda dei små òg?

Microsoft har rota det til her. òg med tanke på andre produsentar av mp3-spelarar — kjem platebransjen (det er vel helst stort sett dei få store, multinasjonale?) til å kreva ein del av kaka deira òg? Får i så fall håpa dei står i mot slike tullekrav.

Posted in Tanken er friwith No Comments →

Windows Media Player 11 er ute…10.31.06

…men er det ønskeleg å oppgradere?

VG skriv i dag altså at Windows Media Player 11 er ute og kan lastast ned, så sant du har gyldig Windowslisens. Det er ikkje så mange forbetringar, skriv VG — det er helst snakk om tettare integrering med MTV, noko som gir tilgang til 2 millionar melodiar, betre kompatibilitet med fleire mp3-spelarar, baklengs synkronisering og identifisering av melodiar. Sistnemnde skjer ved å analysere fila og samanlikne med eit stort arkiv, og få opplysningar om melodien på den måten.

Det høyrest då ikkje så gale ut? Og, det er ingenting i det VG skriv som tilseier at ein ikkje skulle oppgradere, men eg kjem til å tenkja på ein annan artikkel eg leste i september. The Inquirer skreiv då i artikkelen Microsoft Media Player shreds your rights om korleis DRM er implementert i programmet. Det er ikkje særleg lystig lesing.

Kjøper du musikk med DRM, så kunne du med WMP10 ta sikkerhetskopi av lisensen. Det går ikkje lengre, med WMP11, så om det skulle skje noko med musikkbiblioteket ditt så er det tapt. Om du rippar dine eigne CD-ar, pass på at du ikkje merkast av for at dei skal kopibeskyttast. Om du gjer det, så kan du få retten til å spela av musikken din ved å spela av fila — du vil bli bedt om å kopla deg opp mot ei side som forklarer korleis du kan gjenoppretta denne retten eit begrensa antal gongar.

Eg synest ikkje denne oppdateringa høyrest særleg interessant ut, eg. Sjølv om eg held meg langt unna musikk med DRM.

Posted in Data'nwith No Comments →

  • You Avatar
    Det er så mangt å undrast på – og det gjer eg.