Kategoriarkiv: Religion

Dan Brown – intellektuell tjuv?

Michael Baigent og Richard Leigh er ikkje særleg nøgde med Dan Brown og boka hans «Da Vinci-koden». Ikkje med utgivaren Random House heller, for den del. Dei er så lite nøgde at dei går til søksmål mot både Dan Brown og Random House. Årsaka er at Dan Brown skreiv romanen «Da Vinci-koden» basert på opplysningar funne i boka dei sjølve skreiv i 1982 – «The Holy Blood and the Holy Grail» – utan ein gong å bli nemnd1). Dei kallar dette intellektuelt tjuveri2).

Hmmm. Det er noko som skurrar her.

Boka til herrene Baigent og Leigh vert i Dagbladet kalla ei faktabok. No er vel dette å dra det litt langt; det er ikkje meir enn svært omdiskuterte teoriar det er snakk om – ikkje kalde, harde fakta. Uansett, forfattarane seier boka er eit resultat av årelang forsking, at boka er deira produkt. Og det er ingen tvil om det. Men korleis er det med teoriane som blir presentert i boka? Kan teoriar om historiske hendingar vera intellektuell eigendom? Kva då med dei opplysningane dei byggjer teoriane sine på – for dei har vel ikkje dikta opp alt i hop sjølve? Og kva om dei byggjer på historiske fakta – fakta kan i alle fall ikkje vera nokon intelektuell eigendom.

Å bruka opplysningar som stammar frå andre – slikt som teoriar – kan vel neppe seiast å vera intellektuelt tjuveri. Så kva er det då Baigent og Leigh siktar til? Er det sjølve teksten deira? Men – då ville vel søksmålet gått på noko anna enn det heller vage «intellektuelt tjuveri.»

No er det jo mange som har vore og er svært kritiske til Baigent og Leigh, og Brown med, og kalla arbeidet deira for «kreativ forsking» – og vore snille når dei har teke med ordet forsking i den omtalen. Med andre ord, den forskinga dei legg fram er heller eit produkt av deira eigen livlege fantasi, går mange påstandar på. Om det er tilfelle, då kan dei jo stå ein del sterkare i søksmålet. Skjønt – det er vel ikkje akkurat det dei vil dra fram til sin fordel…

Uansett – det kan bli artig å sjå utviklinga her. Korleis blir reaksjonane om søksmålet går i favør av Baigent/Leigh – men med den grunngjevinga at det er deira fantasi og ikkje historiske fakta? 😉

Fotnotar:
1) Boka vart jo nemnd, det eg hugsar, i teksten – men ikkje som kjelde til romanen.
2) Ja, kva er no eigentleg intellektuelt tjuveri og intellektuell eigendom? Bortsett frå eit mykje misbrukt omgrep?

Islam, kreasjonisme og Da Vincikoden

Kva har desse tre til felles? Vanlegvis ingenting, men det er eitt spesielt tilfelle der det er ein fellesnemnar: Meg. Vel – på sett og vis. Alle tre er tema eg har blitt så pass nyfiken på at eg har lest meir for å læra meir.

Islam er nok det av dei tre temaene eg har lest minst om – berre nok til i grove trekk få med meg grunnlaget for trua, kor mykje eller kanskje heller kor lite det har til felles med kristendomen og jødedomen, og ei forklaring på korleis islamistane kan bruka Koranen til å rettferdiggjera sine handlingar. Sistnemnde skiljer seg jo svært mykje frå muslimar flest.

Men interessa for islam dabba raskt av; det var nok av andre bøker å lesa, som fenga meir.

Ei bok eg vart litt nyfiken på har tittelen «Gud skapte» – og den skulle forklara korleis vitskapen stemte overeins med det som står i Bibelen, om korleis ting er blitt til. Eg lånte boka på biblioteket, og vart litt overraska; dette var slett ikkje det eg hadde venta meg. Boka handlar om kreasjonisme.

Opp til då hadde eg for så vidt vore klar over at kreasjonistar eksisterte, men det var ikkje noko eg hadde teke inn over meg. Det eg forbandt med kreasjonisme var slikt eg hadde høyrt rundtom om dei: At jorda kun var nokre få tusen år, at dinosaurar ikkje har eksistert, at dei forkasta evolusjonslæra og ignorerte vitskapen som sa dei i mot med at «Gud har skapt det sånn.» Den boka fekk meg til å endra syn på dei. Joda, dei seier at jorda (og universet elles) er ung, men bortforklarar ikkje dinosaurar eller fnys av vitskapen og metodane som blir brukt; dei er berre ikkje einige i forutsetningane som blir tekne.

Interessa mi var vekt. Ikkje berre for kreasjonismen for å finna ut meir om den, menòg om motargumenta. Altså, kreasjonistar seier ein ting om korleis t.d. datering fungerer, og kva forutsetningar dei tek for at dette skal fungere. Og at dei sjølve er ueinige i dei forutsetningane. Men å berre høyra pø eine sida for å gjera meg opp ei meining om den andre sida – det er ikkje det beste. Så eg vart jo interessert i å høyra motargumenta òg eg.

Så var det Da Vincikoden då. Eg leste boka, men greidde ikkje å nyta ho – det var litt for mykje som skar meg i augene, ting som eg visste slett ikkje var sanne, trass i at «faktasida» i byrjinga av boka seier dei er det. Så kor mykje av det er sant, og kor mykje er oppspinn? Eg leste kritiske artiklar på nettet, og eg har lånt bøker på biblioteket. Resultat? Det har overraska meg kor mykje som er gale, sjølv av ting han burde ha fått til å skriva rett – utan at det hadde endra forteljinga hans. Men éin ting skal han ha: Den talrekka som startar alt i hop for hovudpersonen vår, den er faktisk kalla Fibonaccisekvensen.

Men sjølv om eg har fått svar på det eg lurte på om opplysningane i Da Vincikoden, så er temaet så interessant at eg fortset å lesa om det. 🙂

Da Vinchi-koden med følgje

Da Vinchi-koden, Sirkelens ende, og fleire bøker med, spekulerer rundt Bibelen og korleis denne har blitt til, maktkamp og hemmelege dokument, kven Jesus var, kva han var, og om han eigentleg døydde på krossen. I kjølvatnet av Da Vinchi-koden så er det blitt utgitt mange fleire bøker og artiklar som går kritisk gjennom påstandane i denne boka og kjeldene som blir brukt, mykje betre enn eg kan drøyma om å gjera. Så eg har ikkje tenkt å gjera det.

Ein ting som har slått meg dog, er spekulasjonane om at Jesus ikkje døydde på krossen, og at om dette vart kjent (Vatikanet eller ein eller annan hemmeleg orden/organisasjon vaktar jo sjølvsagt denne løyndomen) så ville det ha store konsekvensar for kristendomen og millionar av menneske verda over. Men – tenkjer eg – går desse spekulasjonane langt nok?

Det er klart – om Jesus ikkje døydde på krossen så ville det bety store omveltingar, for å seia det forsiktig. Men det er ikkje spekulasjonane om kva som ville skjedd no eg etterlyser – eg etterlyser tankar om følgjene av dette frå starten av, då Jesus vart krossfesta. Kven visste sanninga? Kven ville tena på det? Kva for samansverjingar ville måtta ha funne stad? Og – ville kristendomen ha oppstått om så var tilfelle?

Oppe i slike spekulasjonar må me ikkje gløyma det viktigaste: Kven var Jesus? I dei jødiske skriftene er det mange profetiar om den Messias dei ventar på – svært mange. Nokre av dei kunne kven som helst med kjennskap til dei oppfylla – som det å ri inn i Jerusalem på eit esel. Andre har ein ingen kontroll over – som ætta og kven ein stammar frå. Det er så lite sannsynleg at nokon tilfeldigvis skulle oppfylla desse profetiane – det er nær null – men Jesus oppfylte dei. Det som står igjen, uoppfyllt, er at Messias reint fysisk skal frigjere jødane, her på jorda. Jesus sa at det skulle han gjera, når han kom att.

Det er desse tankane eg gjer meg når eg høyrer eller les om spekulasjonar eller påstandar om at sanninga er ein annan enn den som blir presentert for oss i den kristne Bibelen.