Kategoriarkiv: Data’n

Gode tilbod: Bryce 5.5, gratis

Det er mange år sidan eg først kom over Bryce. Det var via ein coverdisk på eitt eller anna datablad, så vidt eg kan hugsa. Nyfiken som eg var innstallerte eg det jo, og hadde det litt moro med programmet. Men eg sette meg aldri skikkeleg inn i det, og følgeleg slutta eg å bruka det. Dumt av meg kanskje, for fascinasjonen over den typen program har ikkje heilt forlete meg enno…Bryce 5.5

Kanskje eg skulle gjera noko med det? No har eg i alle fall sjansen til å prøva igjen, utan at det kostar meg nokon ting. DAZ har bestemt seg for å gi vekk Bryce 5.5 gratis, no når versjon 6 gjer det bra for seg sjølv. Fleire med meg? Enten de har Mac eller PC, last ned Bryce 5.5 og sjå om det er noko å satsa på. ????

Vel – kanskje eg er seint ute, og at dette tilbodet har vore aktivt og velkjent lenge? Men pyttsann. Det var uansett nytt for meg, i alle fall.

Bom fast i Access

Kva gjer du når du står fast i Access, med eit problem du ikkje finn ut av? Du spør ein som har arbeidd meir med programmet om hjelp, sidan han sikkert kan meir enn deg. Om ikkje han veit, så spør du ein som kan enno meir — men når ein som underviser i Access står like fast, kva gjer du då? Eg for min del brukar bloggen min, eg. Er eg heldig, så er det nokre der ute som les dette, er i stand til å hjelpa, og tek seg tid til å gjera det.

Me brukar ein database på arbeid der det blir generert diverse id-nummer ved hjelp av spørjingar og utrekningar. Det har fungert fint, men så vart visst nummer-delen for stor. Lat meg forklara i detalj.

Me har ein tabell (resultat av ei spørjing) der ei kolonne (ID) består av stort sett to bokstavar og så eit nummer. Me er interessert i dei som byrjar med WB/wb, og trekka nummeret ut av dei:

Nr:CLng(Mid([id];3;5))

Deretter så skal det største nummeret finnast:

DMax("Nr";"MaxWB")

Og dette har fungert fint — men femsifra nummer har blitt for lite no. Første forsøk på å gjera noko med problemet var å endre til seks siffer, noko som førte til eit ørlite problem: Det gav feilmelding. Eller i situasjonen der det vart brukt, teksten «#Feil» i staden for ein ID. Eg fekk problemet lagt opp i hendene mine, laga til ein liten testdatabase med kun det eg trengte, sånn at eg ikkje skulle vera redd for å tulla for mykje med reelle data. Litt vidare kom eg, då eg fekk ei feilmelding ut av det: Ikke samsvar mellom data i vilkårsuttrykk.

Feilmelding i Access

Med 5 siffer er det ingen problem (bortsett frå at resultatet er unyttig no) men med 6 siffer eller over, då kjem feilmeldinga. Så vidt eg kan forstå, så skulle spørjinga CLng(Mid([id];3)) vera heilt korrekt. Men teori og praksis stemmer ikkje heilt overeins, altså. Torsdag viste eg problemet til ein instruktør i Access, men han stod like fast som meg. Noko han ikkje likte særleg godt…

Muleg han finn svaret, og han skulle seia i frå kva han kom fram til, men dersom det er fleire som vil prøva seg (please?) så last ned testdatabasen her. (1,8 MB.) Det er forresten norsk Access 2003 som blir brukt, om det skulle ha noko å seia.

Har IE7 problem med IE-spesifikke ting?

Det eg spesifikt lurer på er kommentarane med vilkår — «conditional comments» som det heiter på framandlandsk. Eg har jo sett fleire stadar at dette kunne vera lurt å bruka om eg vil laga spesifikke reglar for IE, for bestemte eller alle versjonar. Kanskje mest for å sjå korleis det fungerte, så laga eg til ein liten regel for å skjula månen på framsida til nettstaden min for IE versjonar mindre enn 7. Versjon 7 skulle jo greia å takla position:fixed, så den kunne få sjå. Og det fungerte – eg såg ikkje månen i IE6, som var den siste versjonen på det tidspunktet.

Så kom tidspunktet då IE7 kom ut av beta. Det tok stadig ei god stund før eg innstallerte den versjonen — eg gjorde det ikkje før no i januar. Og klart eg måtte testa koleis den nettlesaren greidde seg i konkurransen med dei moderne, oppdaterte nettlesarane. Ting såg fine ut dei, heilt til… Eg besøkte ei side på Microsoft sin nettstad, der dei forklarte korleis desse kommentarane med vilkår fungerte, og viste med eit døme. Dømet forvirra meg, for det fungerte ikkje slik som det skulle.

Eg sjekka vidare på mine sider. Menyen var (og er) fullstendig på viddene i IE7. Greit nok — det kan eg fiksa. Men månen? Den var stadig skjult. Kva skjer? Presenterer IE7 seg som IE5? Fungerer ikkje desse kommentarane i IE7, eller er det min innstallasjon som er kaputt? Eg spurte ei venninne, men ho har same problem, så då er det i alle fall ikkje berre min innstallasjon.

Så eg lurar: Er det fleire som har opplevd det problemet med IE7?

PS. For dei som kikkar i kjeldekoden min: Eg slo av dei kommentarane eg, så no visest det i IE7 som det skal. Og tidlegare versjonar bør få eit mindre fint bilete heilt nederst på sida.

Windows Media Player 11 er ute…

…men er det ønskeleg å oppgradere?

VG skriv i dag altså at Windows Media Player 11 er ute og kan lastast ned, så sant du har gyldig Windowslisens. Det er ikkje så mange forbetringar, skriv VG – det er helst snakk om tettare integrering med MTV, noko som gir tilgang til 2 millionar melodiar, betre kompatibilitet med fleire mp3-spelarar, baklengs synkronisering og identifisering av melodiar. Sistnemnde skjer ved å analysere fila og samanlikne med eit stort arkiv, og få opplysningar om melodien på den måten.

Det høyrest då ikkje så gale ut? Og, det er ingenting i det VG skriv som tilseier at ein ikkje skulle oppgradere, men eg kjem til å tenkja på ein annan artikkel eg leste i september. The Inquirer skreiv då i artikkelen Microsoft Media Player shreds your rights om korleis DRM er implementert i programmet. Det er ikkje særleg lystig lesing.

Kjøper du musikk med DRM, så kunne du med WMP10 ta sikkerhetskopi av lisensen. Det går ikkje lengre, med WMP11, så om det skulle skje noko med musikkbiblioteket ditt så er det tapt. Om du rippar dine eigne CD-ar, pass på at du ikkje merkast av for at dei skal kopibeskyttast. Om du gjer det, så kan du få retten til å spela av musikken din ved å spela av fila – du vil bli bedt om å kopla deg opp mot ei side som forklarer korleis du kan gjenoppretta denne retten eit begrensa antal gongar.

Eg synest ikkje denne oppdateringa høyrest særleg interessant ut, eg. Sjølv om eg held meg langt unna musikk med DRM.

Gode tilbod: Poser 5, gratis

Poser 5Under den daglege lesinga mi av diverse bloggar, kom eg over eit godt tilbod: I perioden 1. til 4. september får du Poser 5, gratis. Og – det er jo i grunnen ikkje så verst tilbod det, er det? Eg var i alle fall ikkje sein å be, og registrerte meg hjå Content Paradise med ein gong og lasta ned.

Det vil seie, eg prøvde å lasta ned. Eg er ikkje den einaste som synest dette er eit godt tilbod, så ting går passe tregt der — faktisk har dei litt overbelasta server for tida, men eg har no fått unnagjort bestillinga, og «your Poser 5 free download will remain available to you through the MyStuff tab indefinitely.» Så då har eg tid til å venta ei stund før eg prøver meg på nytt.

Kanskje det er andre her som veit å setja pris på eit slikt tilbod, òg?