Seriøs litteratur

Posted by Svein Kåre on mai 27th, 2007 filed in Litteratur

Eg har eit problem eg, med seriøs litteratur. Eller kanskje det var høgverdig litteratur, eller «den eigentlege» litteraturen? Alle desse har blitt brukt om denne bestemte litteraturen i alle fall, og mange veit kanskje godt kva det er eg snakkar om. Om det er tilfelle, så vil eg gjerne få svar på eit spørsmål: Kva er det eigentleg for slags litteratur?

No har eg fått med meg at det i alle fall ikkje er krim. Heile denne genren er avskriven som øydeleggjande for seriøs litteratur, i følgje Grande. Men, er seriøs litteratur ein eigen genre, eller er det andre ting me kan kjenna att seriøs litteratur på? Når eg prøver å tenkja tilbake på tidlegare debattar, så er det i alle fall ein del ting som går att:

Romantikk. Bøkene innanfor denne genren kan visstnok knapt kallast litteratur. Eg har ikkje lest så mykje av dette eg, så eg skal ikkje uttala meg om denne genren.

Kiosklitteratur er òg noko negativt. No veit eg at det her ikkje er snakk om ein eigen genre, sidan eg finn både krim og romantikk i kioskar, og meir til. På den andre sida, eg har òg kjøpt klassikarar som Shakespeare, Homer og Jerome K. Jerome i kioskar, og eg har ikkje inntrykk av at dette er noko som vert sett ned på. Er kiosklitteratur ein eigen genre likevel, ein som vert seld side om side ved krim, romantikk, spenning og klassiske verk? Hmmm – det vart vanskeleg dette. Kanskje noko eg burde finna ut av seinare?

Fantasy og science fiction er to genrar som har to ting til felles: Det er fantastisk litteratur, og begge vert ignorert av talsmenn for seriøs litteratur. Eller — vent no litt! Den boka av Shakespeare eg kjøpte i kiosken, det var jo faktisk ei fantasy-forteljing det. Eit populært og prisa stykke, når eg tenkjer meg om: Ein midtsommarnatts draum. Og vår eigen Henrik Ibsen heldt heller ikkje fingrane vekke frå fantasy-genren — og det er ei like prisa og populær teateroppsetjing verda over: Peer Gynt.

Men, det er eit hjartesukk eg kom over tidlegare i år, om at det er ein god del fantasy og science fiction som vert kalla ved andre namn, kun fordi forlaga då kunne selja meir, fordi det då finst ein marknad. Hmmm, det høyrest kjent ut. Kva var det Grande skreiv? En flokk seriøse forfattere har gitt opp sine seriøse pretensjoner og begynt flørten [med krim]. Da har man jo et marked som forfatter. Kunne nesten tru at det er SF og fantasy som er seriøs litteratur då, om det er slik at manglande marknad skal vera eit kriterium for seriøs litteratur. Hadde det berre ikkje vore for den ignoransen og det som verre er som talsmenn for den seriøse litteraturen viser for nettopp desse to genrane. Men som me ser over, med visse unntak.

Eg er i alle fall eit lite stykke vidare her: Seriøs litteratur kan ikkje vera ein eigen genre. Enkelte vil kanskje «omdøypa» bøker som ikkje passar inn i det biletet dei har av kva seriøs litteratur er for å skapa eit inntrykk av det, det veit eg ikkje enno. For lite informasjon tilgjengeleg så langt.

Kjem eg noko vidare i funderingane kring kva type skjønnlitteratur denne seriøse litteraturen er då? I følgje Grande så skal seriøs litteratur i alle fall ha mangfald, og djupne. Refleksjonar, metaforar og så vidare, orda har ein eigenverdi som skal nytast, kunna tenkjast over. Seriøs litteratur vil kanskje vera fornyande og bryta grenser. Dette er kvalitetar krimlitteraturen ikkje har, skriv han. Rett nok tek andre til motmæle mot denne generaliseringa, men han er uansett ikkje den einaste som sorterer krim (i lag med fantasy, sf, action, grøssar, …) vekk frå seriøs litteratur. Og sjølv om dei som tek til motmæle her er ueinige med Grande om korleis krim er, så er eg ikkje så sikker på om dei er ueinige med han i at krim ikkje er seriøs litteratur.

Uansett, når eg går gjennom det Grande skriv, så stoppar det opp for meg. Eg greier ikkje å avgrensa seriøs litteratur til noko som ikkje inneheld litteratur diverse talsmenn for den seriøse litteraturen ikkje vil avvisa som ikkje tilhøyrande den seriøse litteraturen. (Hmmm, fekk eg det rett, tru?) Det vera nokre kriterium eg ikkje kjenner til, som kjenneteiknar seriøs litteratur¹ — men kva?

Nei, for min eigen del så greier eg meg godt med god litteratur og litteratur som gir meg eit utbytte av å lesa det, uansett om det er seriøs litteratur eller noko anna. Eg får trøysta meg med Sturgeons lov: Sidan 90% av all seriøs litteratur er søppel, er det betre å lesa noko eg vil lika, i staden for å ta sjansen på noko kun fordi det er seriøs litteratur.


¹ Eg må berre la vera å tru at definisjonen er: «Seriøs litteratur er litteratur eg likar, og eg likar ikkje krim, fantasy, sf, … »
Diverre kan denne tanken lett gjera seg gjeldande av og til, når eg høyrer på enkelte.


One Response to “Seriøs litteratur”

  1. Knirk Says:

    Dette var et veldig bra innlegg selv når jeg leser det to år etter det ble postet!

Leave a Comment