Arkiv for March, 2007

Gratis Doctor Who-bøker03.25.07

Doctor Who: NightshadeEg likar eigentleg å lesa eg, sjølv om eg etter kvart har ei god samling av bøker og magasin (novellesamlingar) eg enno ikkje har opna. Satsar dog på at eg skal greia å få unna ein god del når eg berre får skikk på ein del andre ting. Uansett — at eg har mykje ulest så tyder ikkje det at eg ikkje er interessert i meir å lesa. Nokre bøker og noveller er trass alt flinke til å snike i køen, ikkje berre når det gjeld prioriteringa av kva bøker som skal lesast først, men òg framfor andre ting som skal gjerast.

Hamnar Doctor Who-bøker i denne kategorien? Tja, det veit eg ikkje enno — men det finn eg nok ut. Overskrifta siktar nemleg ikkje mot bøker eg vil bli kvitt, men bøker eg får. Klart, hadde det berre vore meg som skulle få, ville dette vera ein mindre interessant post, men her er til alle.

Eg kom over dette på grunn av ei som var oppglødd over sommartida. Ved å skru tida ein time fram, så vart det nemleg ein time mindre å venta på neste sesong med doktoren. Og så fekk eg ei lenke til Doctor Who-sidene hjå BBC. (Og jada, ho er britisk og ser TV der.) Eg likte den sesongen som gjekk på TV her, så eg gjekk jo av garde og undersøkte eg — og der fann eg tilbodet: Gratis bøker til alle. Det er snakk om ebøker, men kva gjer vel det? Eg for min del skal i alle fall lasta ned og lesa.

I tillegg til sjølve bøkene, så er det tilhøyrande bilete å lasta ned. Kanskje som skrivebordsbakgrunn? Klart, dei som utforskar sidene meir finn ting som spel, lydar, video og så vidare. Ser ut som litt gøyale sider. :)

Posta i Litteraturwith Ingen kommentarar →

Raske funderingar rundt LO03.21.07

Etter å ha lese artikkelen i Dagbladet om at FrP søker om stønad til valgkampen sin frå LO, så byrja tankane mine å surra litt. Informasjonssjefen Øyvind T. Hansen i LO meinar FrP neppe kan rekna med å få denne støtta, og det blir vel ikkje den heilt store overraskinga om han får rett i det. Men så var det tankane mine då, som byrja å surra litt rundt om litt andre ting.

Mange FrP-velgjarar er organisert i LO, meir eller mindre frivilleg. (Eg fekk sjølv beskjeden på ein arbeidsplass at «her er me organisert i LO!» - var der berre eit par veker, dog.) No kjenner eg ikkje så mykje til LO, men det skulle vel ikkje vera umogeleg at ein del av desse skulle kunna velgjast inn som tillitsvalde i organisasjonen? Det vert jo sagt at 25% av LO-organiserte stemmer FrP — og kor mange stemmer noko anna borgerleg? Nye 25%?

Uansett, dersom det ikkje står noko i forskriftene til LO om «å ha partiboka i orden,» så skulle det vera teoretisk mogeleg for organiserte som stemmer FrP eller anna borgerleg parti å bli tillitsvalde. Til og med på høgt nivå. Kanskje til og med som leiar for heile LO?

Hmmm - korleis hadde det vore? Ville leiaren i LO stadig hatt same rolle å spela i Ap som i dag, på grunn av rolla som LO-leiar, dersom vedkommande hadde vore FrP-velgjar?

Posta i Tanken er friwith Ingen kommentarar →

Farleg å skryte av borna?03.11.07

SkulebornEg har ikkje born sjølv, men eg har i alle fall ofte høyrt kor viktig det er å skryte av borna, for å gi dei inspirasjon og stå-på-vilje. Men — er det slik det fungerer, eller kan skryt ha motsett verknad, dvs. får borna til å gi opp fortare?

No er eg nett ferdig med å lesa ein interessant artikkel, «How Not to Talk to Your Kids» som viser korleis skryt faktisk gjer ting verre. Ikkje all skryt, heldigvis, men me må vera forsiktig med korleis me gjer det. Skryt, altså.

Det viktige når me kjem med tilbakemeldingar er å applaudere innsatsen som blir gjort, for då lærer dei seg at innsats lønnar seg og står gjerne på vidare. Kunnskapen om at hjernen faktisk er ein muskel som blir betre og smartare av å trena seg opp er heller inga ulempe å ha. Den kunnskapen gjorde at ei gruppe skuleborn gjennomgåande gjorde det betre enn dei som ikkje hadde lært det. Og dei som fekk uhemma, generell skryt av typen «du er flink» gav raskast opp.

Ein god og lang artikkel som absolutt er verd å få med seg. Mange av oss finn nok oss ofte i situasjonar der dette er nyttig å veta - og, det gjeld vel ikkje berre for born, det med å få skryt?

Posta i Tanken er friwith 1 kommentar →

Bom fast i Access03.04.07

Kva gjer du når du står fast i Access, med eit problem du ikkje finn ut av? Du spør ein som har arbeidd meir med programmet om hjelp, sidan han sikkert kan meir enn deg. Om ikkje han veit, så spør du ein som kan enno meir — men når ein som underviser i Access står like fast, kva gjer du då? Eg for min del brukar bloggen min, eg. Er eg heldig, så er det nokre der ute som les dette, er i stand til å hjelpa, og tek seg tid til å gjera det.

Me brukar ein database på arbeid der det blir generert diverse id-nummer ved hjelp av spørjingar og utrekningar. Det har fungert fint, men så vart visst nummer-delen for stor. Lat meg forklara i detalj.

Me har ein tabell (resultat av ei spørjing) der ei kolonne (ID) består av stort sett to bokstavar og så eit nummer. Me er interessert i dei som byrjar med WB/wb, og trekka nummeret ut av dei:

Nr:CLng(Mid([id];3;5))

Deretter så skal det største nummeret finnast:

DMax("Nr";"MaxWB")

Og dette har fungert fint — men femsifra nummer har blitt for lite no. Første forsøk på å gjera noko med problemet var å endre til seks siffer, noko som førte til eit ørlite problem: Det gav feilmelding. Eller i situasjonen der det vart brukt, teksten «#Feil» i staden for ein ID. Eg fekk problemet lagt opp i hendene mine, laga til ein liten testdatabase med kun det eg trengte, sånn at eg ikkje skulle vera redd for å tulla for mykje med reelle data. Litt vidare kom eg, då eg fekk ei feilmelding ut av det: Ikke samsvar mellom data i vilkårsuttrykk.

Feilmelding i Access

Med 5 siffer er det ingen problem (bortsett frå at resultatet er unyttig no) men med 6 siffer eller over, då kjem feilmeldinga. Så vidt eg kan forstå, så skulle spørjinga CLng(Mid([id];3)) vera heilt korrekt. Men teori og praksis stemmer ikkje heilt overeins, altså. Torsdag viste eg problemet til ein instruktør i Access, men han stod like fast som meg. Noko han ikkje likte særleg godt…

Muleg han finn svaret, og han skulle seia i frå kva han kom fram til, men dersom det er fleire som vil prøva seg (please?) så last ned testdatabasen her. (1,8 MB.) Det er forresten norsk Access 2003 som blir brukt, om det skulle ha noko å seia.

Posta i Data'nwith 3 kommentarar →

  • You Avatar
    Det er så mangt å undrast på – og det gjer eg.