Arkiv for February, 2007

The Structure of Man02.21.07

Er du interessert i å teikna eller mala? Lyst å læra (meir) om anatomi, slik at du får det rett i den kreative prosessen? Då greier eg ikkje halda følgjande for meg sjølv: Om «The Structure of Man» seier dei «Acclaimed Anatomy Training Course used by Leading Entertainment Companies from around the World.»

Det er eit kurs som vert seld på 5 DVD-ar, men i tillegg så har dei lagt videoane ut på YouTube — og det er mange av dei. Eg har nett oppdaga denne skattkista sjølv, så erfaringar med desse har eg ikkje, bortsett frå at det ser fint ut det som er der. Men kvifor venta på erfaringar? Eg fann ingen grunn til å venta med å dela The Structure of Man med dykk.

Så, då skal ikkje eg halda på merksemda meir. Slepp kreativiteten laus! :D

Posta i Grafikkwith Ingen kommentarar →

Piracy kills music. No02.11.07

lego_pirat.pngEg har altså fått med meg at platebransjen her i landet har laga til ei kampanjeside der dei påstår at piratkopiering tek kverken på musikken. URL-en kan med litt kreativ lesing seiast å påstå det motsette, men pyttsann. Sidene er stilige dei, og informasjonen dei kjem med stemmer jo — så lenge ein tek nokre atterhald.

Etter innleiinga — eller kapittel 1 som dei kallar det — kjem tre spørsmål du kan prøva deg på, og fasiten deira:

Kva er lov?

  1. Laste ned musikk frå fildelingsnettverk (Fasit: Ulovleg)
  2. Kopiere ein CD du har kjøpt til MP3-spelaren din (Fasit: Lovleg)
  3. Dele musikken din i eit fildelingsnevverk (Fasit: Ulovleg)

Som sagt, fasiten deira stemmer, med atterhald. Atterhalda kan ramsast opp slik:

  1. Det er ikkje å laste ned musikk i seg sjølv som er ulovleg — det er å laste ned musikk der den som har rettane ikkje har gitt lov til slik deling som er ulovleg. Mesteparten av fildelinga som skjer er kanskje ulovleg, men det hindrar ikkje at det er svært mykje musikk som kan delast (og blir delt) over fildelingsnettverk heilt lovleg.
  2. Vel - dette skulle jo berre mangla. ;)
  3. Igjen, her må me ta det atterhaldet at «musikken din» er musikk der det er andre som har rettane, og som ikkje tillet at musikken vert delt slik. Om dei som har rettane tillet slik deling, eller om det er du som har rettane (til din eigenproduserte musikk) så kan du sjølvsagt dela denne musikken i eit fildelingsnettverk. Det ser elles litt rart ut å sjå på trykk at platebransjen brukar uttrykket «musikken din» — elles så synest eg no dei seier at musikken ikkje er din, du har berre kjøpt retten til å høyra på…

I kapittel to fortel dei om forskjellane i studio: På 90-talet kunne plateselskapa bruka tid på artistane i studio — men det kan dei ikkje no, fordi dei tener dårlegare, som igjen skuldest at dei sel mindre musikk no. Det ligg i dette at dei meinar det er piratkopieringa som har skuld i dette. Eg berre lurar på ein liten ting her: Dersom dei brukar mindre tid på artistane i studio — vil kvaliteten verta skadelidande då? Og, vil ikkje det òg kunna vera ein grunn til mindre salg? For det er jo ikkje freistande å kjøpa noko med dårleg kvalitet…

Sjølvsagt, med tanke på framveksten av andre ting me kan bruka pengar på, utan tilsvarande vekst i pengane me kan bruka på alt dette, så vil jo salet av musikk gå nedover. Logisk nok.

Kapittel 3: Dei seier det òg er fordelar med internett. Du kan nemleg leggja ut musikken din gratis og bli kjent blant fleire (Whoa, gratis? Er det lov då?) — eller du kan kjøpa musikken der og lasta ned. Fordelane med å kjøpa slik er høg lydkvalitet, ingen fare for virus, og det er lovleg.

Igjen, det er mykje musikk å få tak i, heilt lovleg, utanfor plateselskapa (Les: Dei fire store selskapa, helst) sin kontroll. Dei nemner jo sjølv eitt døme. Faren for virus i musikkfiler, den er vel heller mikroskopisk. Eg veit ikkje om det ein gong er råd å få til eg, i spesielle tilfelle. Og lydkvaliteten, der ser eg jo at fleire fildelarar seier dei får tak i betre kvalitet utanfor (dei fleste) nettbutikkane, og at dei faktisk saknar lovlege tilbod der det er råd å lasta ned musikk i tapsfritt format.

Når det gjeld dei ulike påstandane deira, og spørsmåla/svara deira, så er det mykje der som ikkje heilt stemmer overeins med det fleire andre undersøkjingar seier, for å seia det forsiktig. RIAA og tilsvarande organisasjonar i andre land har blitt tekne i å koma med usanne opplysningar. Sony har blitt teke i å laga til skadelege rootkit, som legg PCen vid open for skadeleg programvare. Og meir med, som gjer meg skeptisk til opplysningar dei kjem med, og det har altså vist seg å vera ein sunn skepsis i fleire tilfelle. Kvifor skal eg då ta påstandane på denne nettstaden for god fisk? Eg tek i alle fall ikkje sjansen på å innstallere det programmet deira. Kven veit kva det gjer, og kva dei synest bør vera ulovleg…

Eg har forresten skrive meir om denslags i den engelskspråklege bloggen min, om nokre har interesse av det.

Posta i Tanken er friwith 1 kommentar →

Har IE7 problem med IE-spesifikke ting?02.10.07

Det eg spesifikt lurer på er kommentarane med vilkår — «conditional comments» som det heiter på framandlandsk. Eg har jo sett fleire stadar at dette kunne vera lurt å bruka om eg vil laga spesifikke reglar for IE, for bestemte eller alle versjonar. Kanskje mest for å sjå korleis det fungerte, så laga eg til ein liten regel for å skjula månen på framsida til nettstaden min for IE versjonar mindre enn 7. Versjon 7 skulle jo greia å takla position:fixed, så den kunne få sjå. Og det fungerte - eg såg ikkje månen i IE6, som var den siste versjonen på det tidspunktet.

Så kom tidspunktet då IE7 kom ut av beta. Det tok stadig ei god stund før eg innstallerte den versjonen — eg gjorde det ikkje før no i januar. Og klart eg måtte testa koleis den nettlesaren greidde seg i konkurransen med dei moderne, oppdaterte nettlesarane. Ting såg fine ut dei, heilt til… Eg besøkte ei side på Microsoft sin nettstad, der dei forklarte korleis desse kommentarane med vilkår fungerte, og viste med eit døme. Dømet forvirra meg, for det fungerte ikkje slik som det skulle.

Eg sjekka vidare på mine sider. Menyen var (og er) fullstendig på videne i IE7. Greit nok — det kan eg fiksa. Men månen? Den var stadig skjult. Kva skjer? Presenterer IE7 seg som IE5? Fungerer ikkje desse kommentarane i IE7, eller er det min innstallasjon som er kaputt? Eg spurte ei venninne, men ho har same problem, så då er det i alle fall ikkje berre min innstallasjon.

Så eg lurar: Er det fleire som har opplevd det problemet med IE7?

PS. For dei som kikkar i kjeldekoden min: Eg slo av dei kommentarane eg, så no visest det i IE7 som det skal. Og tidlegare versjonar bør få eit mindre fint bilete heilt nederst på sida.

Posta i Data'nwith Ingen kommentarar →

  • You Avatar
    Det er så mangt å undrast på – og det gjer eg.