Fri vilje kan vera ein uting

Fri vilje er ikkje alltid av eit gode. Tvert om så kan fri vilje føra til problem av større eller mindre grad, for ikkje å snakka om sjølvkjensla som kan få seg ein alvorleg knekk. Eg har visse erfaringar med dette, og dei uheldige konsekvensane denne frie viljen medførte.

Badevekta mi er ei vekt med fri vilje. Vanlegvis gjer vekter det dei skal og viser vekta av det som blir plassert oppå dei — men ikkje mi vekt. Det er ikkje slik at ho tek feil av kor tungt eit kilogram er, og viser konstant litt for mykje eller litt for lite — å nei då. Mi vekt er ei skikkeleg primadonna.

Eg stig opp på vekta mi, og ho viser — vel, litt meir enn ønska, men eg veg no noko. Om eg veg for mykje, så kan eg prøva å godsnakka litt med ho, flytta ho til ein betre plass på golvet, eller berre vri litt på ho — og er eg heldig kan eg ha gått ned 1, 2 kanskje opp i mot 3 kilo på dei sekunda dette har teke meg. Aberet er om vekta av ein eller annan grunn ikkje er nøgd med behandlinga – då kan eg i staden like gjerne ha gått opp like mange kilo.

Det kan vera knusande for sjølvkjensla om eg et sunt og godt og rett, og trimmar mykje, og finn ut at eg har gått opp i vekt. Uansett kor mykje eg dullar og steller med badevekta mi. Og om eg etter eit godt, tungt herremåltid oppdagar at eg har gått bra ned i vekt — kva er då vitsen med å slanka seg?

Nei, eg fann jo ut at noko måtte gjerast. Slike nykker kan eg ikkje leva med, eg har nok med mine eigne. Så eg drog ut på jakt etter ei eg kunne stola på, ei som ikkje ville plaga meg med ustabilt humør, og det ville ikkje skada om ho tok seg godt ut heller. Og i dag fann eg ho. Vakker å sjå til, ho har sans for detaljar og korrekt informasjon, og ser ikkje ut til å ha noko i mot å ha meg oppå seg. Ho viser det same, uansett kor på golvet ho står og uansett vinkel i forhold til veggen. Opera heiter ho.

Eg har alltid hatt gode erfaringar med Opera – og no òg som badevekt.
Ny og gammal vekt

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *