Islam, kreasjonisme og Da Vincikoden

Posted by Svein Kåre on oktober 14th, 2005 filed in Kreasjonisme, Litteratur, Religion

Kva har desse tre til felles? Vanlegvis ingenting, men det er eitt spesielt tilfelle der det er ein fellesnemnar: Meg. Vel – på sett og vis. Alle tre er tema eg har blitt så pass nyfiken på at eg har lest meir for å læra meir.

Islam er nok det av dei tre temaene eg har lest minst om – berre nok til i grove trekk få med meg grunnlaget for trua, kor mykje eller kanskje heller kor lite det har til felles med kristendomen og jødedomen, og ei forklaring på korleis islamistane kan bruka Koranen til å rettferdiggjera sine handlingar. Sistnemnde skiljer seg jo svært mykje frå muslimar flest.

Men interessa for islam dabba raskt av; det var nok av andre bøker å lesa, som fenga meir.

Ei bok eg vart litt nyfiken på har tittelen «Gud skapte» – og den skulle forklara korleis vitskapen stemte overeins med det som står i Bibelen, om korleis ting er blitt til. Eg lånte boka på biblioteket, og vart litt overraska; dette var slett ikkje det eg hadde venta meg. Boka handlar om kreasjonisme.

Opp til då hadde eg for så vidt vore klar over at kreasjonistar eksisterte, men det var ikkje noko eg hadde teke inn over meg. Det eg forbandt med kreasjonisme var slikt eg hadde høyrt rundtom om dei: At jorda kun var nokre få tusen år, at dinosaurar ikkje har eksistert, at dei forkasta evolusjonslæra og ignorerte vitskapen som sa dei i mot med at «Gud har skapt det sånn.» Den boka fekk meg til å endra syn på dei. Joda, dei seier at jorda (og universet elles) er ung, men bortforklarar ikkje dinosaurar eller fnys av vitskapen og metodane som blir brukt; dei er berre ikkje einige i forutsetningane som blir tekne.

Interessa mi var vekt. Ikkje berre for kreasjonismen for å finna ut meir om den, men òg om motargumenta. Altså, kreasjonistar seier ein ting om korleis t.d. datering fungerer, og kva forutsetningar dei tek for at dette skal fungere. Og at dei sjølve er ueinige i dei forutsetningane. Men å berre høyra på eine sida for å gjera meg opp ei meining om den andre sida – det er ikkje det beste. Så eg vart jo interessert i å høyra motargumenta òg eg.

Så var det Da Vincikoden då. Eg leste boka, men greidde ikkje å nyta ho – det var litt for mykje som skar meg i augene, ting som eg visste slett ikkje var sanne, trass i at «faktasida» i byrjinga av boka seier dei er det. Så kor mykje av det er sant, og kor mykje er oppspinn? Eg leste kritiske artiklar på nettet, og eg har lånt bøker på biblioteket. Resultat? Det har overraska meg kor mykje som er gale, sjølv av ting han burde ha fått til å skriva rett – utan at det hadde endra forteljinga hans. Men éin ting skal han ha: Den talrekka som startar alt i hop for hovudpersonen vår, den er faktisk kalla Fibonaccisekvensen.

Men sjølv om eg har fått svar på det eg lurte på om opplysningane i Da Vincikoden, så er temaet så interessant at eg fortset å lesa om det. 🙂


2 Responses to “Islam, kreasjonisme og Da Vincikoden”

  1. Becca Says:

    Hei!
    Du har blitt utfordret av meg. Titt i bloggen min og legg inn svaret (om du tør;) i din egen blogg 🙂
    klem

  2. robert Says:

    du kan sjekke ut
    http://www.profetier.com
    der kan du gå inn og lese om bibelens 7-talsmønster.
    bare gå inn på den siden, trykk på der det står:bibelen, og da kommer du inn på flere henvisninger, og da kan du se inn på bibelens syv-tallsmønster, ikke noe verden bryr seg om for verden forkaster all ære til Gud. Men det er fullt ut sant.Hadde det ikke vært så, så hadde forskere rundt om i verden motbevist det for lenge siden.
    Bra blogg, jeg liker ikke fakta som er løgn, men Gud tror jeg på. Så, Gud velsigne deg;)

Leave a Comment